I seneste laget

 SOMMARBOKTIPS.


Claire Keegan. Ho skriv kort. Kvar setning har meining. Til tider så sterkt at eg kjenner det i magen.
"I seneste laget - historier om kvinner og menn" er tre korte fortellingar. Ein mann tenkjer på kvinna han kunne delt livet med, viss.... Ei kvinne er forfattar og har leigd eit hus for å skrive, men blir forstyrra. Den siste fortellinga måtte eg legge frå meg for eg kjente det bygde seg opp til noko eg ikkje ville ha med meg inn i natta. Slutten fekk vente til neste dag.
Alt er om kvinner og menn. Om å vere småleg, om å ha store forventningar og om det som ulmar. Mellom menneska og i mennesket.
---
Har du planlagt å lese tjukke bøker i ferien, men slit med å lande og starte på dei? Eller veit du ikkje kva du skal lese? Begynn med Keegan. Ho har to andre som òg er omsett til norsk. "Småting som dette" og "Tre lys". Eg har blogga om dei. Legg lenke i kommentaren.
Eg tilrår!
Men eg åtvarar: Bøkene er tynne, men dei dirrar både på og mellom linene. Som dei beste bøkene av og til gjer.

---
Tittel: I seneste laget - historier om kvinner og menn/ So late in the day: stories of women and men
Forfattar: Claire Keegan
Språk: engelsk
Omsett av: Merete Alfsen (bokmål)
Forlag: Aschehoug
År: 2024