Jæren, Yorkshire, whisky og venskap - ei frydeklok bok om reisa og livet.

Helge Torvund er ein produktiv forfattar som nå har skapt ei nydeleg bok om dei to områda han kjenner seg ekstra knytt til. Jæren og Yorkshire. Altså Jærkshire.

Boka gjev meg lyst til å reise til dei same landsbyane og det same området i Yorkshire. Eg får lyst til å gå i gatene, stikke innom pubane, kjenne fortida i ruinane og bare vere til. 

Samstundes går vi tilbake til oppveksten på Nærbø, Jæren. Etterkvart til staden han bur no. Venskap, samtalar i butikken og å kjenne seg som ein viktig del av nærmiljøet sitt. Av å høyre til. 

Er du både whiskyelskar og ein litteraturlesande forskarspire? Då er det bare å glede seg til kapitlet "25 års med grunnlagsforskning", Her er det venskap, whisky, orkidear og sanddyner. Og meininga med livet.

Me ligg i gras og blad og lyng og studerer dei nydelege blomane på nært, nært hald endå ein gong. Like fascinerte som alltid og gongen før det. Gleda er på vår side og naturen er på myrflangren si side.

Torvund bruker tid på kunst og kunstnarar han er opptatt av. Broren Gunnar, Henry Moore, Barbara Hepworth, Jens Erland, Karen Erland og fleire andre i landskapet han vandrar i.

Når me var i lag, var det som om me var saman i ei hemmeleg verd. Alle dei bøkene me begge hadde lese, og snakka om, eller bare gitt nokre kommentarar i form av lydar, nærast. Ååhhrr! Hahr! Og alle kveldane og dagane og kaffikoppane og ølglasa me hadde delt. 

Ei inspirerande reiseskildring, både til det nære og det litt lenger vekke. Og sjølvsagt så mykje meir enn det. Ei livshistorie. Ei fortelling om kjærleiken til dei nære, til kunsten, til mennesket. Ei bok om livsreisa.


Eg tilrår!
---
Tittel: Jærkshire - Jæren og Yorkshire
Forfattar: Helge Torvund
Forlag: Jæren forlag
År: 2024