Vi er brødrene Eikemo

Eg fekk meg biblioteket sin app for lydbøker, BookBites. Begynte å registrere bøker eg kunne tenkt meg å lytte til. Dei bøkene hadde dei ikkje fått som lydbøker, men eg kunne jo ønske meg dei. Eg gjorde det. Og gløymte appen. Men brått kom det ei melding om at "Vi er brødrene Eikemo " låg klar til meg. Eg skulle kjøre i fleire timar den helga, så det var bare å starte bilen, koble mobilen til anlegget, lytte og kjøre.

Og gjett om eg har storkost meg?! Marit Eikemo fortel om faren og dei fire brødrene som veks opp i industristaden Odda like etter krigen. Tidleg blei dei farlause og tidleg måtte dei finne sin veg inn etterkrigstida.
Her var det pågangsmot, maratonløping, konkurranseinstinkt, blodsband, fattigdom, alvor og galskap.
Her er han som fekk børa å vere i fars stad som 14 åring. Her er sjarmøren. Her er stabukken. Her er fiksaren. Og alle sprang dei maraton.

I dag leitar desse sterke mennene etter den skuffa dei la høyreapparatet i og kjenner hus og hage tynge. Men dei skal klare seg sjølv. Dei er trass alt brødrene Eikemo.

Ei nydeleg bok som fekk fram mange tankar og latter. Ein oppvekst annleis enn i dag, men som ein kjenner igjen.

Eg tilrår!
---
Tittel: Vi er brødrene Eikemo
Forfattar: Marit Eikemo
Forlag: Det norske Samlaget
År: 2024


Lånt som lydbok på BookBites.