Skjønnheten i kaos - kvantefysikken og eg.

 

Det starta med at eg las og arbeidde meg gjennom Astri Hognestad si bok "Livet trives best på kanten av kaos". Her undersøkte ho om kvantefysikk og psykologi kunne ha noko felles. Det var ei spennande reise som gav meirsmak. Både på psykologitankane til Hognestad og det å finne ut meir om kvantefysikk.

Via filosofifestivalen "Wonderful World" i Stavanger i mai, fekk eg tak i boka "Skjønnheten i kaos". Den passa jo perfekt til den andre tittelen. Diverre var eg ikkje i Stavanger festivalhelga og fekk aldri høyrt Julia Ravanis prate om boka.

Då var det bare å ta leseprosjektet mitt på alvor. Med omtrent null kunnskap om fysikk sette eg i gang. Boka hadde fantastiske kapitteloverskrifter som lokka meg vidare. "Pappfigurer på grensen til nervesammenbrudd". "Forelskelse og terningspill". "Drømmen om å unnslippe virkeligheten". Osb.

Dette var ei heilt annleis bok enn Hognestad si. No blei eg kjent med kvantefysikken, den avanserte matematikken, relativitetsteorien, Einstein, Newton, Bohr og den gjengen. Innimellom forstod eg lite, men ho fekk meg heile tida vidare. Kanskje på neste side? Og så dukka det opp litt skjønnlitteratur som eg gav meg bilete til å henge det uforståelege på.

Einsteins univers var deterministisk og mulig å kartlegge til fulle, mens kvantefysikkens var usikkert og rommet fenomener som ble umulige å definere med sikkerhet. Einstein likte overhodet ikke kvantefysikken.

Vi møter det svarte holet. Det kan vi ikkje krysse to gonger. Det som skjer der inne er skjult for omverda. På ein måte kan det svarte holet minne om grensa mellom liv og død. Det som forsvinn inn der, blir borte. Brenn opp. Eller lever vidare på den andre sida? Slikt kan ho undre seg over. Ingen veit.

Ikkje har eg tenkt på at når eg kikkar ut i verdsrommet, ser eg scener frå fortida. Stjernene har ikkje nådd fram til vår tid. Og ikkje har eg tenkt på at det aller meste kan ein rekne ut matematisk og finne ei løysing på. Sjølv om eg av og til kunne ønskt det var slik.

I skapingshistoriane i dei ulike religionane skil lyset seg frå mørkret og verda blir til. Lyset er vi avhengig av. Det og vatn. Men 85 prosent av all materien i universet er mørk. Det er ein kamp mellom mørk materie og mørk energi. Den eine held universet saman. Den andre splittar opp. Eg kjente det var litt nifst sjølv om slikt tar sin millionar av år å bryte opp. Og fysikarane innrømmer at dei veit omtrent ingenting om mørk energi. Bare at den finst og bidreg til romtidas ekspansjon. Og er med på å auke avstanden mellom galaksar.

Mørket vitner altså om universets endelige historie. I mørket hviler begynnelsen, det tidsbestemte startpunktet som lar oss ane verdensrommets uendelige størrelse. Og i mørket finnes alle tings slutt.

Eg har blitt fascinert. Eg forstår kanskje bitte litt meir. Men bare bitte litt. Og eg har lært at i fysikken så råder historia om den kvite mannen. Det store geniet. Kanskje slepp kvinnene og menn med litt meir farge i huden til i framtida? Kanskje det vil føre til nye tankar og nye utrekningar? Det er i alle fall plass til studier verd ein Nobelpris eller fem om kvantefysikken, for her er mykje framleis usikkert.

Det er i kroppen, naturen, kunsten, det mangelfulle og det som er vanskelig å tolke at skjønnheten finnes.

--

Av skjønnlitteratur var forfattaren mellom anna innom:

  • Alice i eventyrland
  • Frøken Smillas fornemmelse for snø (Peter Høeg)
  • Et system så storslått at man blendes (Amanda Svensson)
  • Alfabet (Inger Christensen)
  • Da Vinci koden (Dan Brown)
  • Lille Nullet og de andre (Inger Sandberg)
  • ...

Eg tilrår. Fordi det utfordra mi eiga tenking og var spennande lesing.

----

Tittel: Skjønnheten i kaos
Forfattar: Julia Ravanis
ForlagSpartacus
Utgitt år: 2022
Omsett av: Aleksander Melli