Ein overfortalt bestselgar - Alt det blå på himmelen

Melissa Da Costa: Alt det blå på himmelen.

Liker du historiar som ikkje lar noko stå igjen til di undring? Historiar som blir overfortalde?  Som ikkje driv med slikt som dei så fint kallar antydningens kunst? Liker du netflix sine julefilmar, dei som er slik at du forstår teikninga veldig tidleg? 

Då er denne boka noko for deg. Ho har ei god fortelling: Dødssjuk mann møter kvinne med tragisk historie. Dei drar på ein roadtrip mot Pyreneane. Undervegs møter dei fine folk, idylliske landsbyar og kanskje seg sjølv.

Det er nærmare 700 sider. Sjølvsagt vil du snufse litt. Boka slår (sjølvsagt) til med sitat frå Alkymisten av P. Coelho. Kanskje kan ein kalle det feelgood?

Eg tilrår ikkje. Men treng du akkurat det som står over... ikkje bry deg om meg. Les.

---

Tittel: Alt det blå på himmelen
Forfattar: Melissa Da Costa
Omsett av: Amanda Aaserød 
Forlag: Cappelen Damm
År: 2024