Elizabeth Strout: "Tell me Everything".
Stor lukke då eg oppdaga at Strout kom ut med ny bok no i september. Strout er ein forfattar eg set høgt. Ho får fram det vare i oss. Det som er bak det harde, det forvirra, det bastante.
I denne boka møter vi fleire av hovudpersonane frå tidlegare bøker. Alt foregår i Maine. Olive Kitteridge er på aldersheim. Ho er ikkje blitt enklare, men det er som vanleg noko bestemt over henne. Lucy og ho deler fortellingar om livet og den grunnleggande einsemda.
Kva gjer det med deg å møte menneske som kunne gitt deg nye impulsar og nye utfordringar, men du er deg og du har bagasje, dei andre har sine bilete av deg?
Midt i alt er det ei eldre kvinne som er død. Kven tok livet av henne og kvifor? Greier vi å leve eit godt liv med ein øydelagt barndom i bagasjen? Greier vi å rette nakken og våge å ta plass i verda?
Boka er førebels ikkje omsett til norsk.
Eg tilrår.
Andre bøker av Elizabeth Strout som eg har blogga om:
---
Forfattar: Elizabeth Strout
Forlag: Viking
År: 2024