Frå galningar i Argentina, via utfordrande filosofar til vår ufokuserte tid

Eg drog på ferie med tre bøker i bagasjen. Dei var så ulike at dei garantert ville gje meg ulike blikk på verda. Tenkte eg.

Etter kvart kjente eg at dei kunne bloggast saman. Sjølv om dei var ulike.

Den første boka var Roberto Arlt si "Sju galningar". Dette er ei bok i klassikarserien til Skald forlag. Boka er gitt ut i 1929. Arlt (1900-1942) vaks opp i Buenos Aires i Argentina. Oppveksten var i tøffaste laget. Han blei utvist frå skulen som åtteåring. Ikkje akkurat den beste bagasjen å ta med i livet. Han skriv ganske vilt og bryt med konvensjonar og reglar. I dag blir han sett på som forløparen for den magiske realismen og bløminga av den latinamerikanske litteraturen.

I Sju galningar møter vi pengeinnkrevaren og oppfinnaren Erdosain. Han vil så gjerne bli rik. Ikkje leve i fattigdom og kjenne seg liten og brukt av andre. Han vandrar mellom horer, kjeltringar, hallikarar, gullgravarar, revolusjonære millitære og mystiske drøymarar. Det mange av dei har til felles er draumen om makt og rikdom. Dette blir etterkvart til ville draumar. Mystikarane ser det store, gullgravaren løgna folket vil tru på. Ved å skape kaos, kan militæret gå inn for å skape ro. Det vil folket ha. Sjølvsagt skal dei få fridomen tilbake. Ein gong... Det var noko kjent med tankane og villskapen. Eg måtte sjekke. Jo, frå 1930 var det politisk uro og militæret blanda seg stadig inn. Dette såg tydlegvis Arlt at kom til å skje.

Veit du kva, det er ikkje så hyggeleg å døy no når sommaren er rett rundt hjørnet

Boka er både vill, klok og rar. Eg likte ho svært godt. Og tilrår

---

Med Argentina, undertrykking og galskap i bakhovudet gjekk eg i gang med kvinnene som endra filosofien. Nemleg Kristin Gjesdal si bok Opprørerne. Kristin Gjesdal er professor i filosofi ved Temple University i Philadelphia. Denne boka tar for seg filosofar av eit anna kjønn enn det mannlege. Eg kjente at eg ikkje likte å skrive kvinnelege filosofar for skriv vi mannlege filosofar? Gjesdal grubla ein del over kvifor det ikkje blei undervist i filosofar som ikkje var menn og fekk til svar at det ikkje fantest. No veit vi meir. Vi veit dei var kjente i si tid, dei blei lesne og dei diskuterte. Men så la mennene eit lokk over dei. Kanskje ikkje bevisst, men dei forsvann i alle fall. I boka møter vi kvinner som har tenkt stort. Som har utfordra og til tider vore så kompromisslause at vi framleis må ta nokre rundar med oss sjølve. Forfattaren tar oss med i klasserommet og undervisninga om dei ulike filosofane. Eg må innrømme at det var få eg kjente frå før. Rosa Luxemburg og Simone de Beauvoir visste eg om, men dei andre? Dette var spennande lesing. Om feminisme, rasisme, individ, fellesskap, fridom, eksistens og kjønn

Mange av de filosofene vi leser i dag, valgte med fullt overlegg å innta konservative standpunkter når det gjaldt kvinners posisjon i samfunnet og i filosofien

Eg tilrår!

---

Eg starta i Argentina og undra meg over livet saman med sju galningar, så sat eg ved ein pult i Philadelphia og filosoferte, no er eg komen fram til vår tid. Vår ufokuserte tid. Ei tid med tiktok, facebook, insta, epost, sms. Ei tid med stadige avbrot. Kor blei det av dei tida då vi kjente vi var i flytsona? Då vi kunne flytte inn i ei bok? Då vi kunne drive på med noko lenge utan at tanken blei kutta? Johann Hari har lurt på det same. Boka Stjålet fokus tar for seg grunnane for at eg ikkje klarer å følge med og triksa eg treng for å klare å konsentrere meg igjen. Han går grundig til verks. Reiser rundt i verda og intervjuer forskarar, tenkarar, teknologar osb. Mellom anna er han i Stavanger og pratar med Anne Mangen på Lesesenteret ved universitetet i Stavanger. Kva gjer det med oss dette at vi alltid er påkobla. Øydelegg det den lange tanken, konsentrasjonen? Auke i autisme - har det noko med dette å gjere? Depresjon? Einsemd? Kan vi lettare bli indoktrinerte? Kva med ekkokamra? 

Det var så mange spørsmål, så mykje å tenke over. Eg måtte stadig referere og stille spørsmål til dei rundt meg. Boka er lett å lese. Ho engasjerte meg. Kva er vi på veg mot? Forskning viser visst at det er slutt på at vi blir klokare enn generasjonen før oss. Det har snudd. Kva held vi på med? Kor mange timar bruker vi dagleg på å svitsje i staden for å tenke? For kvar gong mobilen lyser opp, applewatchen din brummar, så blir tanken/ samtalen broten og du treng nokre sekund/minutt for å finne tilbake til der du var. Sjølv om du i utgangspunktet var konsentrert.

Folk som ikke kan konsentrere seg, har lettere for å tiltrekkes av enkle, autoritære løsninger - og er mindre tilbøyelige til å se klart når disse mislykkes

Eg tilrår.

Og med den siste boka var eg nesten tilbake i Argentina. Nokon stel fridomen og liva våre. Tar over makta. Vil vi det?


Les! Legg mobilen i eit anna rom. Pust med magen, Start med 10 minutt. Kanskje greier du meir etterkvart. Vi treng flytsona, tankevandring og stilla. 

---

Forfattar: Roberto Arlt
Tittel: Sju galningar
Forlag: Skald
År: 2024
Omsett frå spansk av: Øystein Vidnes

Forfattar: Kristin Gjesdal
Tittel: Opprørerne
Forlag: Cappelen Damm 
År: 2024

Forfattar: Johann Hari
Forlag: Cappelen Damm
År: 1.utg 3.oppl. 2024
Omsett frå engelsk av Eva Marie Lund
Tittel: Stjålet fokus