Ida i Italia - Ingrid Z. Aanestad

 

Ingrid Z. Aanestad: Ida i Italia

Ida blir opptatt av bilethoggaren Sofia. Ho bur i nabolaget. Ida går siste året på ungdomsskolen. Ho er usikker på kven ho her. Kjenner seg ikkje heime i eigen kropp. Ho er fascinert over kva ein kan skape i marmor. Kan ho finne ei kvinneform i den harde steinen?

Ho blir med Sofia og mannen til Italia. Sofia skal arbeide med stein, mannen skal bare vere ei stund og Ida skal passe den vesle guten før ho reiser heim for å ta dei siste eksamenane i grunnskolen.

Boka har små kapittel. Setningane er hogde. Det ligg djupne i dei. Eg tar meg i å stoppe opp. La innhalde fylle tanken før eg går vidare.

Eg er open og langsam, eg er keitete og innestengd i meg sjølv. Eg har altfor store draumar

Ida prøver seg fram. Leiter etter uttrykksforma si. Biletkunst. Fargar. Stein. Lerret. Kven er ho. 

Forlaget skriv at det er ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Eg måtte tenke litt på det. Og trur eg er einig. Det er ein roman om å finne seg sjølv, leite etter fotfeste og samstundes vere på spranget.

Eg lengtar heim, eg vil alltid vera her


Eg tilrår.

----

Tittel: Ida i Italia
Forfattar: Ingrid Z Aanestad
Forlag: Forlaget Oktober
År: 2024