Storinkvisitoren - kva skal mennesket med fridom?

I lesegruppa les vi Brødrene Karamasov av Fjodor M. Dostojevskij for tida. Denne veka har vi lese Ivan sitt poem. "Legenden om Storinkvisitoren" (lenka er til Nasjonalbiblioteket. Brødrene Karamasov er omsett av Olaf Broch. Legenden startar på s 271). Tenkte det var greit med ei lenke i tilfelle de ikkje hadde boka i heimen. Den nyaste utgåva er omsett av Geir Kjetsaa. Men den er ikkje klar for fri nedlasting frå Nasjonalbiblioteket enno. For dei som leitar fram i bokhylla: Teksten er kapittel 5 i fjerde del.

For å oppsummere det eg har lese både i Brødrene Karamasov, i andre bøker og sortere litt eigne tankar, skriv eg ned det som surrar rundt akkurat no. Og 1.mai er kanskje ikkje den dummaste dagen å skrive om det frie mennesket på?

To av brødrene Karamasov, Ivan og Aljosja, samtalar om Gud, om å akseptere han for så å avvise han. Om det vonde i verda. Kor er Gud i alt dette? Ivan ser på seg som ateist. Aljosja er munk.
Så fortel Ivan legenden om storinkvisitoren.

Det heile skjer i Sevilla på 1500-talet under inkvisisjonen sine blodige herjingar. Dit kjem Kristus. Han går rundt og helsar på folk. Dei kjenner han igjen og jublar. Ein blir helbreda og ei lita død jente står opp.
Då dukkar Storinkvisitoren opp, ein nittiårig olding som er den mektigaste kardinalen i romarriket. Han får Kristus fengsla og ingen vågar å protestere. Om natta besøker Storinkvisitoren fangen. Han truar med å brenne Kristus på bålet. Ved å kome tilbake er Kristus til hinder for den katolske kyrkja sitt arbeid på jorda.

Storinkvisitoren held ein tordentale der han tar utgangspunkt i freistingane Jesus blei utsett for i øydemarka (Evangeliet etter Matteus, kapittel 4). Jesus hadde då fasta i førti dagar og førti netter og var svolten.
Den første freistinga var sjølvsagt om mat. Gjer desse steinane om til brød. Storinkvisitoren meinte at om han hadde gjort det Satan bad om så hadde menneska følgt han, lydig og takknemleg.
 Og ka var poenget med ikkje å kaste seg ned frå templet og la folket sjå at englane bar Han på hendene? Jesus takkar til og med nei til å få jordisk makt. Mennesket skulle altså tene Kristus av fri vilje og ikkje som slavar av ytre autoritet. Underet, miraklet og autoriteten. Alt dette måtte den katolske kyrkja gje folket tilbake.

No må altså kyrkja rette opp den elendige menneskekunnskapen Jesus hadde. For å ta vare på menneske har Storinkvisitoren akseptert djevelen sine freistingar. Menneska er svake og usle. Dei vil heller ha brød og sirkus enn fridom. Dei vil ha mat. Folket vil heller vere slavar, bare dei er mette. Men sjølvsagt lever ikkje mennesket bare av brød, det må få ei førestilling om noko meir. Ved å gje folket brød, lage reglar for livet deira og gje dei eit mysterium, har kyrkja gjort menneska lykkelege. Kyrkja har forbetra Kristi gjerning og blitt den autoriteten mennesket treng og som Kristus burde gitt dei.
Ti først nå (det vil si, han taler naturligvis om inkvisisjonen) er det for første gang mulig å tenke på menneskenes lykke. Mennesket var anlagt som opprører; men kan vel opprørere være lykkelige? Du er advart, sier han til Ham, Du manglet ikke advarsler og anvisninger, men du hørte ikke på advarslene, Du avviste den eneste vei til å gjøre menneskene lykkelige; men heldigvis, ved Din bortgang overga Du saken til oss. Du har gitt oss Ditt løfte, Du har bekreftet med Ditt ord, Du har gitt oss rett til å binde og løse, og selvfølgelig kan Du ikke tenke på nå å ta denne rett fra oss. Hvorfor komme Du så og forstyrrer oss?

Ved å avvise freistingane frå Satan gav Kristus menneska fridom i staden for lykke. Og ka skal mennesket med fridom? Mennesket vil vere mette og lykkelege. Ikkje frie til å velje det onde eller det gode.

Geir Kjetsaa skriv at "Aldri har vel frihetens problem blitt reist med slik styrke som i "Legenden om Storinkvisitoren". (--) "Den ateistiske sosialisme har alltid bebreidet kristendommen for at den ikke har gjort menneskene lykkelige, for at den ikke har gitt dem fred og mat," skriver Nikolaj Berdjajev. " Men når kristendommen ikke har gjort menneskene lykkelige, ikke har gitt dem fred eller mat, er det fordi den ikke har ønsket å øve vold mot menneskeåndens frihet, fordi den henvender seg til menneskets frihet og derfra venter oppfyllelse av Kristi ord. Det er ikke kristendommen som er skyld i at menneskeheten ikke har villet oppfylle dette ord og har sviktet det: Skylden ligger hos mennesket, ikke hos gudmennesket"" (G. Kjetsaa: Fjodor Dostojevskij - et dikterliv, s. 346f)

Det er òg dei som meiner at Storinkvisitoren er Dostojevskij eiga endelege meining om Jesus. Ved å kysse Storinkvisitoren samtykkar Kristus. Mellom anna har forfattaren D.H.Lawrence hevda det.

Legenden (poemet) har gitt meg mange tankar om den frie vilje, kristendomen og andre religionar. Den makt som systema har. Opp gjennom tida makt til å meine ka som er rett tolking, rett lære, rett levemåte, rett... Så likt mellom dei religionane når makta rår. Dostojevskij ville kanskje sagt at det er stor forskjell mellom den katolske kyrkja og den ortodokse, i alle fall den gongen.

Er det andre religionar som legg vekt på mennesket rett til å velje? På den enorme fridom det faktisk gjev menneske?

Kor ofte har ikkje folk bøygd seg for autoritetar som tar fridom frå dei, men som lovar dei orden og mat? Nazismen, kommunismen og andre -ismer.
Kor er vi i dag? Kor mykje fridomskrenking aksepterer vi for ei "god" sak? Kor langt lar vi dei med makt gå for å gjere oss trygge? Er det nok å feite oss opp og gje oss litt sirkus i tillegg? Treng vi eigentleg ein himmel over liva våre?

Legenden om storinkvisitoren blir eg ikkje ferdig med. Den har nye lag og tankar kvar gong.




Kommentarer

  1. Interessant omtale om denne boka. Maner til mange tanker og funderinger. Jeg har ikke lest Brødrene Karamazov, men glemmer ikke filmen, som jeg så som ungdom.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om