Det enklaste er pistol. Fedre og søner på tur.

Det starta som deja vu. Eg var ungdomsskolelærar og var utsett for det eg kalla grønnemenn-stilar. Det var alle dei ville gutehistoriane der det dukka opp romvesen både her og der. Men dette var jo i 2019 og stilbunkene var forlengst levert tilbake til eigarane.

Eg har ikkje tid til denne galskapen, tenkte eg. Men så var forfattaren, Arild Abrahamsen, mannen som skreiv filmmeldingar i Aftenbladet som eg bare las for å sjekke om han likte filmen (for då likte eg han sikkert ikkje). Etterkvart gjekk det opp for meg at eg las dei for å le, riste litt på topplokket i håp om å forstå halvparten av det som stod der. Aftenbladet sine filmkommentarar er ikkje det same etter at Abrahamsen slutta. Eg er altfor einig med dei. Men eg ser jo stort sett bare filmar eg har sett før, så eg treng jo ikkje nokon som fortel meg om nye. Men ordkunst.
Heldigvis har ikkje facebook pensjonsalder så eg får riste på hovudet, le, nikke og vere ueinig med ordkunstnaren kvar dag.

Altså, etter eit par veker der eboka ikkje kom seg ut av sekken, tok eg dei grøne mennene i handa og gav meg over. La det kome det som kome skal.
No viste det seg at den grønnaste mannen var ei kvinne og var forsvarsminister frå miljøpartiet. Ho ville ha tanks som gjekk på grønsaker eller noko anna grønt. Sånt blir det jo trøbbel av. Og her dukkar Frank opp. Mannen som skyt først og spør etterpå. Viss han har tid. Den løyndomsfulle agenten. For kongen å di. Minst.

Her er det fedre, søner, damer, bergensarar, Hitlers barnebarn, legar, bilar, lik, ein oppegåande mann frå Lillestrøm, dynamitt, våpen og all slags. Det er terroraksjonar, spionar, CIA, NATO og sånne som bare gjer ting fordi det er spennande. Den oppdikta byen, Oslo, får sitt å slite med.

Eg lo, rista på hovudet og undra meg til tider over ka som kan foregå i hovudet på ein forfattar. Så gjekk det opp for meg. Det er mitt hovud som manglar noko. Dette kunne sikkert ha skjedd i ein moderne serie eller film? Men eg anar ikkje ka som foregår i ein moderne serie. Så ka veit eg? Boka var i tillegg om menn. Eg er ikkje heilt på stø grunn der heller.
Men løye hadde eg det.

For djupare analyse treng du sjølvsagt dette forfattarintervjuet: Fuck you, Arild! Forfatteren Arild Abrahamsen intervjuet av journalisten Arild Abrahamsen

-----
Tittel: Fuck you, Frank
Forfattar: Arild Abrahamsen
Utgitt: 2019
Kun ebok.