London - mine gleders by. På bytur med Richard Herrmann


 London! Byen eg stadig må tilbake til. Byen der vi, den gongen unge kvinner, fekk hovudristing og mumling om barbarar då vi bestilte runde to med "a pint" på ein pub. Byen der ekspeditøren på Mark & Spencer er så ærleg at du får beskjed om ikkje å gjere puppene mindre/større enn dei er. Denne dama målte deg frå topp til tå og sa ettertrykkeleg kva ho meinte om bh/ trusestorleik. Byen der eg har stått med det første bankkortet og fått pund ut av ein maskin. Det var eit under at slikt gjekk ann! Byen med god mat, slitne bygningar, eit fantastisk undergrunnsystem, musikalar, kunst, afternoon tea, tehus, skolebesøk.....

Og no. Midt i korona reiste Richard Herrmann og eg ein tur til London. Sidan han er død og eg er i Rogaland, så brydde vi oss ikkje om tid og rom. Vi reiste sånn ca 2000 år i tid. Vi vandra rundt blant fattige og rike. Brydde oss ikkje om at dei ikkje såg oss. Vi såg dei. Eg prøvde å hjelpe til i den store bybrannen i 1666. Tok meg ein pint på ein lokal pub, flirte av ei statue som eg skal studere nærmare neste gong. Og Herrmann peika og fortalte.

Vi som har nokre år på baken, har eit forhold til stemmen til Richard Herrmann. Han var fast London-korrespondent for NRK frå 1964 til 1977. Etter det hadde han ansvar for oppbygging av P2 og hadde mange radiokåseri. Eg hadde altså vore i London mange gonger før eg reiste dit første gongen.

Når det gjelder Londons opprinnelse, strides de lærde om to ting: Hvor navnet kommer fra - og hvor Julius Cæsar virkelig kom seg over Themsen, siden det var slik det angivelig begynte

Og no har eg altså vore på Themsen, lært om dronninger og kongar, rista på hovudet av alle reglane og tradisjonane i City, blitt påminna om 1066 og alt det der. Er klar for ny tur til Westminster Abbey, Tower, London Brigde, ymse pubar, St. Paul, Fleet Street, Hyde Park, tehus osb. osb..... 

Eg drøymer om å sitje i Covent garden og lytte til Herrmann på nytt. Og på Trafalgar Square og alle dei andre stadene. Eg kan finne internett og logge meg på www.nb.no., altså nasjonalbiblioteket, finne boka og lese litt om eg ikkje bare vil lytte for meg sjølv. Kanskje eg heller vil lese høgt for reisefølget? 

Paris representerer den menneskelige intelligens, heter det. Roma står for sivilisasjon. New York for aktivitet. Men London er erfaring. For egen regning kunne jeg gjerne føye til dette med sansen for det relative i tilværelsen. Som forsåvidt har med erfaring å gjøre, det også, skulle en tro. Det skaper romslighet i sjelen, toleranse overfor ens medskapninger. Det er det viktige skuldertrekket som tar tingene som de kommer - fordi intet er endelig eller absolutt i vår foranderlige verden.

 Dette var ei reise eg tilrår alle som lengtar til denne byen som har stor plass i mange hjarte.

---

Tittel: Mine gleders by

Forfattar: Richard Herrmann

Forlag: Lydbokforlaget

Utgitt: 2007

Tid: 10t 37 min

Opplesar: Richard Herrmann

Boka kom ut i 1983/ Cappelen forlag

Kommentarer

  1. Jeg er også veldig glad i London, bodde der et år, og etter det har jeg reist minst en gang i året. Digger denne boken, har den, men nå er det lenge siden jeg har lest i den, takk for påminner :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om