Innanfor margane. Om å lese og skrive

 

Elena Ferrante blei invitert til å halde tre føredrag i 2020 om sin eigen skriveaktivitet, poetikk, narrativ teknikk eller andre spørsmål som opptek henne og som kunne vere av interesse for eit stort publikum.  Invitasjonen kom frå leiar av Centro Internazionale di Studi  Umanistici "Umberto Eco".

Men så kom pandemien og nedstenginga. Elena Ferrante hadde skrive dei tre førelesingane allereie, så i november 2021 blei dei framførte i Teatro Arena del Sole, Bologna. Skodespelar Manuela Mandracchi framførte førelesingane. Elena Ferrante er jo, som kjent, eit pseudonym for ein italiensk forfattar vi ikkje veit kven er.

 I desse tre føredraga tar ho for seg det vanskelege med å få tankar til skrift. Alle dei kloke tankane som ikkje blir til meir enn ein setning. Ho søkjer blant forfattarar som har skrive om det vanskelege med å finne dei rette orda og å frigjere seg frå konvensjonane samstundes som ein held seg "innanfor margane".

Med meir eller mindre hell lagar vi fiksjonar, ikkje fordi det fiktive skal arte seg som sant, men fordi vi prøver å uttrykke med absolutt truskap den mest useielege sanninga

 Ferrante fortel om tankar og arbeidet med å skrive Napoli-kvartetten og Dei vaksnes løgnaktige liv . Det å ha vakse opp med at det er litteratur av menn som er stor litteratur og at kvinnespråket ikkje har den rette tyngde, gjer at ho leitar ekstra etter å finne orda, sanninga i fiksjonen.

Det følgjer òg med ei ekstra førelesing om Dante. Den var ekstra interessant om synet på Beatrice.

Dette er ei lita bok som kanskje har størst interesse for dei som er særleg opptatt av språk og bruk av dei enkelte orda. Kva tyder dei? Kvifor brukte eg akkurat det? Og kva skjer i ei omsetting eller gjendikting? Finn dei det rette ordet eller går noko tapt?

Førelesingane er:

  • Smerta og skrifta
  • Akvamarin
  • Historier, eg
  • Dantes ribbein

Eg tilrår.

---

Tittel: Innanfor margane. Om gleda ved å lese og skrive
Forfattar: Elena Ferrante
Omsett frå italiensk av: Kristin Sørsdal
År: 2022
Forlag: Samlaget
ebok

Kommentarer

  1. Interessant. Liker slike bøker om skriving og litteratur.Takk for tipset:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Aud Venke Østerhus25. april 2022 kl. 11:11

      Ja, det er kjekt å lese om. Spent på ka du syns etter å ha lese ho

      Slett
  2. Denne står på mi ønskeliste hjå biblioteket for eg liker bøker om skriving og litteratur :-)

    SvarSlett
  3. Aud Venke Østerhus25. april 2022 kl. 11:12

    Eg spent på kva du syns etter å ha lese ho

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om