Charles Dickens - ein juleskatt i ny drakt.

 

Charles Dickens har fått skulda for at heile "verda" går rundt og trur at jula skal vere kvit. Bare fordi det på den tida han skreiv bøkene sine, var ei lita istid i Europa.  Det var så kaldt at det til og med var snø i London. Det var Janne Stigen Drangsholt som påstod det i ein podkast og eg har sjekka det ut. Det var spesielt kaldt i desse åra. Så altså det er Dickens si skuld det der med draumen om kvit jul.

Tilbake til A Christmas Carol (1843). I 2022 kom den i norsk praktugåve. Erlend Loe står for omsettinga og Lisa Aisato har illustrert boka med ansikt du må smile til, landskap der du deler stemninga til Ebenezer Scrooge. Nydeleg både tekst og bilete.

Nesten kvart år har eg lese denne teksten. I dansk utgåve frå 1911. Då med tittelen: Drømmen - et juledikt i prosa. No har eg fått ein ny skatt. 

Kva er det med denne julefortellinga som gjer at ho ikkje går ut på dato, men kan lesast om att og om att?  Hovudpersonen er Ebenezer Scrooge. Det seiest at han var modell for onkel Skrue i Andeby. Gjerrig. Sparar på kvar krone. Ser på det meste som sløsing. Betaler lite i løn og krev mykje av dei som må låne pengar av han. Jul er sløseri og ein fridag er tapt arbeidstid. 

Julekvelden går han heim frå kontoret sitt som vanleg. Han har takka nei til juleselskap hjå nevøen, han har nekta å støtte hjelpeorganisasjonar, han har jaga ein gut som ber om pengar. Han har absolutt ikkje juleglede i seg. Det er bare humbug alt saman!

glimt frå illustrasjonane til Lisa Aisato
Brått endrar alt seg. Den gamle og kanskje endå gjerrigare partnaren, Marley, dukkar opp frå dei døde og åtvarar han. "Det kreves av alle som lever", sa spøkelset, "at ånden i dem går vidt og bredt blant andre mennesker, og hvis de ikke gjør godt mens de lever, er de dømt til å gjøre det etter døden. Da må de vandre gjennom verden, og akk og ve, være vitne til alt de ikke delte, men burde ha delt og gjort andre lykkelig med!"

Jeg bærer lenken jeg smidde da jeg levde

Scrooge får møte tre ånder. Fortida. Nåtida. Framtida. Dei er fantastisk og sårt skildra. Han ser kor han trødde feil, kjenner smerta ved det. Han ser kva som vil skje om han juledag lar alt bli som han har planlagt. Og han møter dødsdagen sin. Ingen saknar han. Folk pustar letta ut. Men det dei to siste åndene fortel, er framtid og kan endrast. Viss han vil. Viss han vågar å ta jula i hjartet sitt. Ønske, ville og gjere det gode. 

Det er mange nydelege filmar som får denne histora godt fram, men det er noko ekstra i å halde i boka, nyte kvar setning og kjenne på stemninga.

Han hadde aldri mer kontakt med ånder, for nå klarte han seg selv, og så lenge han levde, ble det sagt at han var en mann som virkelig visste å feire julen både grundig og ordentlig.

---

Eg tilrår med fryd og glede!

---

Tittel: En julefortelling ( A Christmas Carol, 1846)
Forfattar: Charles Dickens
Omsett til bokmål: Erlend Loe
Illustrert av: Lisa Aisato 
Forlag: Kagge forlag
År: 2022


Kommentarer

  1. I det øyeblikket eg såg at Lisa Aisato skulle teikne A Christmas Carol visste eg at den måtte eg ha. Då eg var 8 år fekk eg The Muppets Christmas Carol på VHS i bursdagsgave, og dei siste 10 åra har det blitt eit rituale å lese boka og sjå filmen. Eg ser gjerne filmen fleire gonger, medan boka blir lest vesle julaften/julaften alt etter andre ting som skjer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Beklager sein respons. Eg er heilt einig. Dette er julerituale. Både film og bok. Eg ser ikkje The Muppets, men ei annan med George C. Scott i hovudrolla. Då er det jul

      Slett
    2. Filmatiseringa med George C. Scott har eg sett ein gong, og den var ikkje så verst. Handler vel mest om å finne eigne tradisjoner :-)

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om