Døren - eit sterkt møte med ungarsk litteratur

Korleis denne boka hamna i lesebunka mi, er eg usikker på. Men eg hadde tidlegare lese bøker i Aschehoug sin serie "Sidespor" og likt møtet med forfattarar som var ukjente for meg. Så det var kanskje difor.

Denne gongen skal vi til Ungarn. Til forfattaren Magda Szabó (1917-2007). Ho er ei av dei mest populære forfattarane i Ungarn og er omsett til meir enn tretti språk. Boka har kome ut på norsk i fleire gonger. Utgåva eg las er frå 2016.

I "Døren" møter vi to kvinner. Eg-personen er forfattar og travelt opptatt med å skrive, halde foredrag og reise rundt. Ho er gift med ein som òg driv med ord. Dei treng hushjelp. Då kjem Emerenc inn i fortellinga. Og alt handlar eigentleg om henne og forholdet mellom dei to. Emerenc kan knapt nok lese, ho er skarp i kantane og til tider ei utfordring for forfattaren. Men òg den som ser forfattaren tydelegare enn andre.

Emerenc gir alt. Anten det er å redde ein jøde, ein tyskar, ein tjuv eller ein heimlaus katt. Ho tviler ikkje. Ho handlar. Ho stiller opp. På sin måte. Men det er ein ting ho ikkje deler. Ho slepper ikkje nokon innanfor døra til heimen sin.

Dette er ei historie om nestekjærleik i praksis og om å svikte når det gjaldt. Ei bok som kan få oss moderne, travle menneske med avtalar og planar vi ikkje kan bryte, til å kjenne det i magen. 

Eg er einig med Cathrine Krøger i Dagbladet som skreiv at boka er "så god at den tilhører verdenslitteraturen". Den hadde noko ved seg som får i gang mange tankar og som sit i ein.

Eg tilrår.

----

Tittel: Døren
Forfattar: Magda Szabó
Original tittel: Az Ajtó
Forlag: Aschehoug
År: 2016
Omsett av: Kari Kemény

 

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om