Eg, meg og einsemda

Daniela Krien: Kjærlighet i nødsfall. Dette er den andre boka eg har lese av den tyske forfattaren. Ho skriv godt og eg blir dratt med i fortellingane hennar.

Boka handlar om fem kvinner som har hatt sin barndom i det gamle DDR og som får ungdommen i det nye Tyskland. Med all den fridomen som det er der.

Paula, Judith, Brida, Malika og Jorinde. Fem kvinner som leitar etter lukka og kjærleiken. Fem kvinner. Koner, mødre, elskarar, veninner, døtre, søsken. Ventar dei seg for mykje av livet? Har dei sett seg for høge krav? Eller er draumen om det perfekte det som øydelegg? Dei skal vere sterke, men er dei tru mot seg sjølve?  Her er kjærleik, hat, utruskap og lidenskap.

Eg likte måten Krien skriv på og eg ser av kritikk at dette er ei bok som får mange godord. Ho fengde meg òg, men eg tok meg i å vere trøytt og tom etterpå. Eg har tenkt litt på kvifor. Kanskje er dette det moderne mennesket? Vi som har bare oss sjølv å arbeide med og for. Vi som må skape oss. Det er ingenting utanfor oss som gjev oss meining. På ein måte har eg lyst å seie at det manglar ein himmel over livet. Med det meiner eg ikkje automatisk ein religion, men noko utanfor ein sjølv som er viktig og som er verd å kjempe for. Som gir livet meining.  Det blir så einsamt om alt bare er meg og mitt. 

Eg tilrår - litt under tvil.

---

Tittel: Kjærlighet i nødsfall
Forfattar; Daniela Krien
Omsettar: Ute Neumann
Forlaget Press
År: 2022
Ebok


 

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om