Fortid! Notid. Framtid?

 

Nokre bøker kjem litt overraskande på meg. Det gjorde denne. Eg hadde gløymt at eg hadde sett meg på venteliste for akkurat denne boka. Då eg fekk ein sms frå biblioteket om at no var det min tur, var det bare å rydde tid.

"En dements dagbok". Forfattaren er Thomas Chr. Wyller, ein norsk statsvitar og samfunnsdebattant. 

Wyller fekk diagnosen demens av Alzheimers type i 2009. Då var han 85 år. Han døde i 2012, kort tid før han ville ha fylt 90. Wyller var eit skrivande menneske heile livet og bestemmer seg for å skrive om sine kjensler, oppleving og livet som ein eldre mann med utviklande demens. Og han bestemmer seg for at dagboksforma gir han den fridomen han treng i skriveprosessen. Sonen, som har skrive forordet, fortel at det blei vanskelegare og vanskelegare for faren å halde orden på bokmanuskriptet og å bearbeide det. Til det har han fått hjelp av den nærmaste familien. Dei måtte stryke og rydde i manuskriptet, med faren si godkjenning.

Boka startar med ein flytur der han verkeleg forstår at noko skjer med han sjølv. Han skal heim, men kva er heime? I tankane går han inn i huset, men bileta av huset og romma rotar seg saman. Romma frå barndomsheimen blandar seg inn. Kvifor dukkar huset han budde i dei første tjue åra av livet opp no? Han går til legen og blir stilt ein mengde spørsmål, reknestykke han må løyse osb. Deretter får han ein brosjyre - om demens.

Dagboknotatene kjem med ujamne mellomrom, frå oktober 2009 til januar 2012. Som lesar opplever vi utviklinga av sjukdommen. Han greier å formidle det på ein måte som er gjenkjenneleg. Kor lite han hugsar det han skreiv om for nokre dagar sidan. Til dømes er det eit juleselskap han formidlar om like etter at det er skjedd, mens det ei veke etterpå er noko andre fortel om, men som han ikkje hugsar noko av. Men fortida derimot. Den sit klistra. Han ser enkeltepisodar klart. Det kjem opp ting han ikkje er stolt av. Menneske det er minst 40 år sidan han har tenkt på/møtt, dei kjem klart for han. Bileta og hugsen frå den tida er skarp. 

Notida prøver han å delta i, men reflekterer at han hugsar lite av det som skjedde dagen før og samfunnet rundt han blir vanskelegare å følge med i. Og framtid? Jo, han kjenner på livslyst og har jo planta tomater.

Wyller opplevde at han brått blei trist, kunne grine lenge utan at han forstod grunnen. Desse humørsvingingane opptar han mykje i boka. Han kan sjå på doktoravhandlinga si og lure på kva som står der. Han forstår at han ikkje kan gå ut aleine for han veit ikkje kor han bur. Han observerer at kona innimellom må korrigere han. Han lurer òg på om det er ting han vel å hugse og det er ting han vel å gløyme. Sikkert er det at det er ting han vel å la vere å skrive om. Det veit han.

Forfattaren er tydeleg på at vi har eit val. Vi kan sjå bare dei utfordringane vi ikkje greier å meistre, eller vi kan sjå dei vi kan meistre. Altså korleis møter vi utfordrande situasjonar? Korleis kan vi bli motivert til å sjå det positive i situasjonane og haldninga vår til dei? Ser vi dei andre rundt oss, eller ser vi bare oss sjølve? Greier vi både å gje og ta i mot omsorg?

Thomas Chr Wyller fekk demenssjukdommen seint i livet og han hadde store intellektuelle reserver å tære på. Det gjeld ikkje alle. Men han skriv om det å bli gamal og på veg inn i gløymsla på ein måte eg trur kan gjere oss litt klokare alle. Både den som er på veg til å bli gamal og den som har nokon som er akkurat der.

Eg tilrår!


Tittel: En dements dagbok
Forfattar: Thomas Chr Wyller
Forlag: Vidarforlaget
År: 2023
Lånt på biblioteket

Kommentarer