Keiser og Galilæer - ein sterk tur innom Ibsen

Det er ikkje ofte skodespelet Keiser og Galilæer av Henrik Ibsen blir sett opp på ei scene. Eg har sett det ein gong. Det var på Det Norske Teatret i 1987. Førestillinga varte over 8 timar og var ei sterk oppleving ein heil dag i teatersalen.

Stykket er utgitt i 1873 og Ibsen hadde brukt 10 år på det. Sjølv meinte han at dette var hovudverket. Noko som har vore diskutert etterpå. Det er i alle fall eit verk som går djupt.

Vi møter Julian, den siste ikkje kristne herskaren i Romarriket. Dette er på 300-talet og i denne perioden har dei kristne leiarane vore samla i Nikea for mellom anna å diskutere Guds son. Menneske? Gud?

I denne tida lever Julian. Midt i kampen mellom heidendom og kristendom. der er så mykje i den gamle læra som han vil dyrke. Men han klarer ikkje å slå seg til ro og bli overtydd. Han møter mystikaren Maximos. Han viser Julian at det finst ein tredje veg. Først er det riket som blei grunnlagt på kunnskapens tre, så riket som er grunnlagt på krosstreet.  Men det tredje skal vere det store løyndomsriket, det skal byggjast på begge dei to første. Det tredje riket. ord som får ein vond klang for oss som kjenner historia om nazismen.

Julian får ikkje til å skape dette løyndomsriket og endar opp med å forfølge dei kristne i sitt forsøk på å gjenskape ideala frå gamal tid.

Ein kan lese stykket som ein kamp mellom heidendom og kristendom. Ibsen meinte det var eit verdshistorisk skodespel som viste den evige kampen mellom to uforsonlege krefter i verda. Og i livet. Det er òg Julians sinnskamp. Skal han følge dei andre, skal han velge sin eigen veg? Kven er han?

Dette var eit stykke som gjorde seg godt som høgtlesing i ei lesegruppe. Vi fekk stoppa opp, undre oss og lese litt om tidsperioden.