Ujamn lesing for tida

Det er travelt på så mange område for tida at lesinga blir litt hopp og sprett.

Eg har i lang tid hatt "Min kamp 1" av Knausgaard liggande på bordet. Har lese litt no og då, men greier ikkje å leve meg nok inn i livet til hovudpersonen slik at eg bare må bla vidare. Boka er lett å legge frå seg når noko kjem i vegen. Trudde eg skulle like denne boka for eg er i utgangspunktet veldig glad i forteljingar og lange historiar, men denne blei vel mykje ordsvada.
Er no halvveges i boka og har fått tips om at eg kanskje kan laste høgtlesinga ned frå nettet. Får eg det til, gjer eg det og arbeider meg gjennom boka medan eg gjer andre ting samstundes. Viss ikkje, kuttar eg nok ut snart for livet er for kort til å tvinge seg gjennom akkurat denne.

I mangel av lyst til å lese Knausgaard på senga, fann eg fram ei livsglad bok: Lykke i Piemonte. Hagerup og Børresen er frydefulle å lese. Turen rundt i Piemonte og oppskriftene på god mat, gjer jo at eg somnar litt svolten, men med eit stort smil om munnen. Teikningane til Fredrik Skavlan gjer jo ikkje humøret dårlegare akkurat.

Neste sommar trur eg at det må bli Italia på meg :)

På reise til London hadde eg gløymt Knausgaard heime (hadde tenkt at all ventetid på flyplassar kunne gje meg den tida eg trengte til å bli hekta, men det undermedvitne ville det annleis..) og i eit fortvila forsøk på å finne ny bok i nærmaste kiosk, tok eg med meg Hodejegerne av Jo Nesbø. Eg hadde jo lese opptil fleire bøker av Nesbø så dette måtte vel vere sikker vare.
For ein nedtur. Dette var så overdrive og tullete at eg ikkje greidde å engasjere meg i plottet i det heile. Men det skal Nesbø ha, boka fekk meg til å bla om til neste side ( i motsetnad til Knausgaard).

No har eg begynt på Carlos Ruiz Zafón si bok: "Engelens spill". Er spent på den. Elska Vindens skygge.