Einsemd på japansk.

"Jeg går rundt og prater inni meg hele tida, skjønner du," sa han. Først tenker jeg A og så B, og da blir det så klart C, men så kommer jeg plutselig på D, og da føles det bare naturlig å begynne med "men asså".
Endeleg tilbake i Japan.

Hiromi Kawakami har eg lese ei bok av før. Dette skreiv eg på facebook i gruppa Eseløret i 2015 om "Merkelig vær i Tokyo":
Eg las i Aftenbladet om ei bok eg kjente eg måtte lese. Japanske forfattarar (dei få eg har lese) skriv så annleis enn vestlege. Fascinerande.Og MERKELEG VÆR I TOKYO. av Hiromi Kawakami svikta ikkjeDette er ei sakte historie om einsemd og om kjærleik.Eg blei glad i frøken Tsukiko og Sensei og skulle ønskt at historia var på fleire sider.

I år kom det ei ny bok av Hiromi Kawakami på norsk. Tema er det same. Einsemd.
I "Herr Nakanos forretning for avlagte gjenstander" finn vi eigaren Nakano. Han er dyktig til å prute, har dametekke og har både kone og elskerinne å halde orden på. Så er det søstera, frøken Masayo. Ho er kunstnar og er mykje i butikken. Hovudpersonen er Hitomi. Ho kom til butikken for å søke ein jobb der ho ikkje trengte jobbe seg i hel, men tente nok til å ha det greit. Siste mann i butikken er Takeo. Ein stille fyr som hjelper Nakano når han skal hente gjenstandar rundt i kring. Alt blir sett gjennom Hitomi sine auge.

Ein forretning for avlagte gjenstandar. Gjenstandar som folk kanskje har vore glad i og som har ei historie som ingen i dag kjenner. Dei står der. Litt slik er folka. Dei er på utsida av det effektive Japan. Eit samfunn der alle skal jobbe mykje, vere effektive og satse på karriere. Her jobbar dei akkurat passe og jaktar lite på rikdom og status. Effektiviteten kan ein òg diskutere. Det dei samtalar om er livet. Dei deler stadig eit måltid. Det er då dei snakkar. Maten og ordet. Samtalane er ofte bare halvferdige og til undring for unge Hitomi. Ho tar seg i at den klønete Takeo opptar tankane altfor mykje. Ho er klønete, men han er verre og i tillegg redd. Kan ein stole på andre menneske? Bør ein ikkje bare rømme frå slike kjensler? Og vil dei fikse kjærleiken, eller vil dei bare bli skuffa?

Kommunikasjonen mellom folka i boka er direkte og samstundes gåtefull og halvferdig. Det er nært og på avstand på same tid. Kven er vi innerst inne? Søkjer vi ikkje alle nokon som ser akkurat oss? Er vi ikkje alle ein og ein? Sjølv om vi lever tett saman med eit anna menneske?
Jeg hatet mobiltelefoner. Hvem i all verden kunne ha tenkt ut en så håpløst upraktisk oppfinnelse? Hele konseptet - en telefon som alle kunneregne med å nå deg på, uansett hvor du var og hva du gjorde - var jo en direkte trussel mot ethvert kjærlighetsforhold, velfungerende eller ikke.
 Dei unge kvinnene i Kawakami sine bøker svever på framsida. Både i den første og i denne. Eg liker det.

Eg held fast på det eg skreiv etter den første boka. Kawakami er  fascinerande. Eg tar meg i å bli overraska over kor direkte personane er. Har tenkt meg japanarar om meir innestengte. Eller er det kanskje eg som er det? Her er det ikkje side på side med ordgyteri, men akkurat passe for å få tankane i sving.
Den asiatiske delen av litteraturkroppen min sukkar i lykke. Det er så godt å vere i dette landskapet av få ord, uforståelege hendingar og mykje meining.

Ta deg ein tur til Herr Nakanos forretning for avlagte gjenstandar! Trur ikkje du vil angre.

--
Tittel: Herr Nakanos forretning for avlagte gjenstander
Forfattar: Hiromi Kawakami
Utgitt: 2019
Land: japan
Omsett av: Magne Tørring
Sider: 250
Mi bok var ebok

Kommentarer

  1. Her fikk jeg kjennskap til en ny forfatter, som jeg må lese noe av. Legger denne boka i lånelista mi. Takk fo tips.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om