Gardell og eg leiter etter Gud

 

Denne boka er gamal (2003) og har stått i hylla mi lenge. Eg har lese litt, men ikkje heile boka. No var det tid for akkurat denne. Koblinga fysisk bok og lydbok der Jonas Gardell sjølv les, var perfekt.

Om Gud er ei grundig og spennande utforsking av Guds-omgrepet frå dei eldste, urkristne segner og overleveringar. Han tar oss med på ei reise frå mange gudar, til færre gudar og til slutt ein gud. Jahve.

Det er ein sjalu gud, ein hemngud, ein angrande gud, ein kranglande gud, ein skjult gud og mange andre.

Gardell får til det fantastiske å flette historiekunnskap, teologi og sine eigne tankar saman på ein måte som gjer boka interessant på så mange måtar. Eg har spissa øyrene ganske mange gonger.

Jeg er oppdradd av mamma i Enebyberg og av Fader vår som er i himmelen. Jeg holdt begges navn hellig, og begge visste om den andres eksistens.

Når det første bodet er "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg" tyder det på at det var mange gudar å velge mellom. Undervegs i arbeidet undrar han seg over at det finnes menneske som ennå kan hevde at kvart ord i Bibelen er Guds heilage ord. Dei må har lese stykkevis og delt og hoppa over det som er støytande og ubehageleg. Det er så mange gudebilete og gudsførestillingar som blir utvikla i samanheng med mennesket si utvikling og endringane i levekåra våre. 

I følge Gardell er tanken om eit liv etter døden av nyare dato. Og med ny tenkjer vi her på nokre hundre år før Kristus. Før det står det bare at ein ikkje veit noko om livet etter døden. "Så gå og spis ditt brød med glede, og drikk din vin med godt mot! Gud har jo for lenge siden samtykket i det du gjør. (......). Alt du kan gjøre med din hånd skal du gjøre med din beste evne. For i dødsriket, som du går til, er det hverken arbeid eller plan, hverken kunnskap eller visdom" (Forkynnaren 9:1-10).

Etter kvart nærmar vi oss den Gud som dyttar oss ut av reiret og vil vi skal fly sjølve.

Og der står vi fremdeles i dag, ved de to veiene - hatets vei og kjærlighetens vei - begge utførlig beskrevet og utstaket i Bibelen - og må velge mellom dem. 

Eg tilrår. Særleg det å lytte til Jonas Gardell si opplesing av boka.

----

Tittel: Om Gud
Forfattar: Jonas Gardell
Forlag: Tiden Norsk Forlag
År 2003.
Lydbok:
Tittel: Om Gud
Forlag: Norsteds
År: 2019
Innlesar: Jonas Gardell

Kommentarer