Katten - og livet

"Ved første øyekast minnet den om en forbipasserende skyfille. Noe liksom svevende, først i ro, så ga et lite vindkast den et puff - hit, så dit"
Slik startar boka Katten. Vi møter eit barnlaust ektepar. Dei har leigd eit lite hus i utkanten av Tokyo. Begge er forfattarar og jobbar heimanfrå. Dei snakkar ikkje særleg saman. 
Men så kjem det ein katt på besøk. Dei veit det er naboen sin, men når katten først vil inn til dei òg, opnar dei opp. Dei finn fram mat, opnar vindauge slik at ho kan gå og kome som ho vil. Dei byrjar snakke saman. Korleis har katten det? Kor er katten? Dei leiker med den, pratar og tolkar kattelivet. 

Livet blir lysare og dei blir meir merksame på livet, på naturen, på alt som skjer. Dei byrjar å legge planar. Det skjer noko med dei og med synet på det levande. På livet. På framtida.

Dette er ei vâr lita bok. På mange måtar veldig japansk. Ho seier mykje om livet utan dei store orda. 

Dette er mitt første møte med poeten Takashi Hiraide, men eg håper det kjem fleire bøker av han i norsk omsetting.
Et av de japanske ordene for å sørge er satt sammen av tegnet for tristhet og tegnet for sinne, og er det ikke nettopp en slik sammenblanding av følelser man opplever? 

Eg tilrår.
___
Tittel: Katten
Forfattar: Takashi Hiraide
Omsett frå japansk: Ika Kaminka
År: 2016 (på originalspråket i 2001)
Forlag: Press forlag
Lånt på biblioteket