Lysmor og dyreliv

 Lukka var stor då eg oppdaga ei bok av Audur Ava Ólafsdottir på Mammutsalet. 
Denne gongen følger vi lysmor Dómhildur. Ho har arva leilegheita etter grandtanta si. Tanta var òg lysmor. Eller jordmor som vi seier på norsk. Det er varsla ein stor storm. Den vil treffe øya omtrent julaftan. Mens ho gjer seg klar for stormen, finn Dòmhildur ei eske med fleire manuskript. Grandtante har altså skrive bok eller bøker, men ikkje fått dei utgitt. I tillegg er det brev og lesarinnlegg. 
Papira er fulle av tankar rundt menneskenaturen, over lyset og kva er eigentleg tilfeldig i livet. Samstundes blir dette òg dei same tema som handlinga i boka kretsar rundt. Den mørke vinteren og lyset som kjem. Einsemd. Fødslar. Kvinner. Menn. Kvifor skjer det som skjer? Mennesket treng naturen, men naturen greier seg fint utan mennesket. Kven er den sterke då?

Eg opplever boka som veldig islandsk og samstundes universell. Det er vart og sterkt samstundes. Som klimaet.
Denne var annleis ein dei andre eg har lese av henne. Men kvar av dei andre var òg annleis enn kvarandre. Forfattaren greier altså å overraske meg. Igjen.

Og så kunne eg tenkt meg at jordmor var lysmor på norsk òg.
Manuskriptenes paradoks lå i at selv om mennesket forsvant fra jorden, regnet grandtanten min det som visst at det i fremtidige riker, i tillegg til dyr og planter, ville være rom for barn. Og ikke bare for dem, det fantes også en sikker plass for to andre grupper der, noe jeg strevde med å forklare søsteren min. På den ene siden de som hadde beholdt barnet i seg, som blåste avblomstrende løvetann og hadde evnen til å undre seg, og på den andre siden - og det kommer jo ikke akkurat overraskende, som søsteren min påpekte - diktere og poeter. 

Eg tilrår!



Andre bøker av forfattaren som eg  òg har blogga om:
Tittel: Dyreliv 
Forfattar: Audur Ava Òlafsdòttir
Omsett frå islandsk: Tone Myklebost
Forlag: Pax
År: 2021