Livet vårt er eit einaste stort spørsmål

Vi skal til 1920- åra. Krigen er slutt. Framtida ser lovande ut. Men noko ulmar under overflata. Forfattaren Annemarie Schwarzenbach (1908-1942) var heilt ukjent for meg. Vener av Bernhard er den første romanen hennar og den kom ut i 1931. Ho var sveitsisk, fotograf, journalist og forfattar. Reiste mykje. Og kjente seg nok utanfor på mange måtar.

Bernhard er ein elska ven. Han er mild og vil alle vel. Fleire av venene er ganske eksentriske. Nokre med store draumar og andre kanskje for små? 

Det er ikkje lett å vere ung no, det var ikkje lett då heller. Kven er eg? Kva skal eg gjere med livet mitt? Korleis kan eg bli heil i meg sjølv? Liker eg bare den eine venen ekstra godt eller er eg forelska i ein av mitt eige kjønn? Liker eg både jenter og gutar? Kva skjer med meg når eg vil gjere den andre til lags? Få den andre til å sjå meg? 

Dei unge venene til Bernhard stoler på venskap. Tviler på vener. Tviler på seg sjølv. Kanskje det hjelper å reise bort? Kanskje det er best å reise heim? Schwarzenbach får godt fram kjensla av å vere utanfor, vere intenst tilstades, vere hudlaus og vere verdsmeister. Ho var 23 år då boka kom ut og greidde verkeleg å sette ord på det å vere ung. Og få ei på 63 til å kjenne seg heime i kjenslene og stemninga.

Bernhard seier si meining om korleis han tenkjer at dei vaksne ser på ungdommen:

Å Gerald, eg veit det ikkje er tilfellet med deg, men dei andre ser ofte med forakt på det vi strever med, dei er så gløymske, dei trur at alt det vi gjer, er førebels og uviktig. Dei trur det fordi dei sjølve har slått seg til ro, er utslitne, ikkje lenger tiltrekkande. Dei vinglar ikkje lenger, dei står på fast erobra grunn. Det er dei stolte av, og dei trur at vårt einaste mål er snarast mogleg å bli som dei.


 I samtida si blei ho rekna som ei av dei første som vågde å skrive skeiv litteratur. Diverre døydde forfattaren ung og foreldra, som var NS-sympatisørar, greidde å destruere bøkene hennar. Heldigvis hadde ho vener som ikkje destruerte.
Ho blei ikkje oppdaga på nytt før i 1980-åra og er i dag lovprisa som uredd feminist og uredd frontfigur for kampen om eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.

Boka er omsett av Runa Kvalsund. Og igjen er det bare å ta hatten av for forlaget Skald for desse klassikarane dei finn og gjev ny omsetting og moderne formgiving. Det er ikkje første gongen eg er blitt overraska og det blir neppe den siste.

Eg tilrår!

----
Tittel: Vener av Bernhard (Freunde um Bernhard)
Forfattar: Annemarie Schwazenbach
Omsett frå tysk av Runa Kvalsund
År: 1924 (1931)
Forlag: Skald