Løyndomsfuglar - ei patafysisk fuglebok

 

Helge Torvund er ein produktiv og spennande forfattar. Det kjem dikt, fortellingar om mor, reiseskildring frå Yorkshire og Jæren (Jærkshire) og no altså ei patafysisk fuglebok. Løyndomsfuglar.

I haust starta eg dagen med å sjå på teikninga av dagens fugl. Så las eg litt fakta som fuglekjennarar kan nikke til. Men så er det alt som nokon greier å lure ut av fuglen Visdom, undring og kunnskap om verda. For "foglane veit". Eg smilte, nikka og fryda meg over setningar som får ein ny sving. Tar ein slurk av teen og les nokre setningar om igjen. Denne gongen er blyanten klar. Eg må samle på skattane.

Måltrosten veit kva songen er verd. Han er ein vegvisar. Han syng oss fram. Han syng for dei forvirra og usikre.

Og visste du at bokfinkhannen dreg sørover eller vestover før  hoa? Då lever han livet, går på pub og sit oppe halve natta. Hoa? Ja, ho deltek på store litterære quiz-meisterskap. Å få slik kunnskap før dagen er i gang med alt sitt, er vitaminer.

For deg som undra: Den franske forfattaren og dramatikaren Alfred Jarry skapte omgrepet patafysikk (1893). Han kalla det vitskapen om imaginære løysingar. Meir får du vite i boka.

Eg tilrår!

---

Tittel: Løyndomsfuglar
Forfattar: Helge Torvund
Språk: norsk, nynorsk
År: 2024
Forlag: Solum Bokvennen