Brutt lenke - historien om minnesmerket etter ulykken med boligriggen Alexander L. Kielland og betydningen for etterlatte, overlevende og samfunnet.
Forfattaren er Andreas Middelthon.
27.mars 1980 opplevde vi den verste katastrofen i nyare tid. I høg sjø kveltra riggen Alexander Kielland. Det var like før påske og vi hadde ikkje mobiltelefon som kunne gje kjapp beskjed om korleis det stod til der vest. Eg budde i Telemark og skulle ta toget vestover like etter. Heile tida tenkte eg på om det var nokon eg kjente der ute. Vi delte på avisene i togvogna. Det var sterke kjensler og uro inni fleire enn meg.
Alle tankane og kjenslene kom tilbake då eg las "Brutt lenke". Boka skriv om sjølve ulukka. Om korleis dei overlevande opplevde det og korleis dei etterlatte hadde det. 123 menneske mista livet. Men det er ikkje ulukka, men prosessen fram til minnesmerket etter ulukka, og kvifor det blei dette sterke merket som er plassert ytterst ved havgapet i Stavanger, boka handlar mest om. Brutt lenke som etter kvart blei namnet, står der sterkt festa i fjellet, men ei lenke er ikkje heil. Ein stad i boka stod det at ein kunne tenke seg at resten av lenkene låg i havet utanfor. Hav og land. Dei døde og dei levande.
I Stavanger aftenblad stod det: "Så brått og og brutalt kan et menneskes livssnor slites over, så meningsløst kan det synes. Men også et annet perspektiv: Selv den sterkeste lenke har sitt svakeste ledd, ...."
Det er ei bok om det såre, om styrke, om sorg og om minner. Eg las boka sakte og vil vandre rundt og ta på minnesmerket med djupare kunnskap no. Det er ein god stad å stoppe opp og reflektere. Vind, hav og Brutt lenke.
---
Tittel: Brutt lenke
Forfattar: Andreas Middelthon
Språk: Norsk, bokmål
År:2024
Forlag: Bokstav forlag