Svarte kong Baltasar - rase, religion og politikk

 

Det er jul og i det protestantiske Noreg har det blitt fleire og fleire julekrubber dei siste åra. I kyrkjene står det mange stader store flotte julekrubber. Og til dei høyrer jo dei heilage tre kongane. I Bibelen står det ikkje om kongar, men "nokre vismenn frå Austerland". Dei delte ut gull, myrra og røykjelse så det blei etterkvart til tre. Og altså kongar. Dei blei etterkvart symbolet på den universelle og verdsvide kristendommen.

I 2020 hamna kongane i ein stor debatt om rasisme, kolonihistorie og slavehandel. Korleis kunne det skje? Kyrkja Ulmer i Münster i Tyskland hadde ei 100 år gamal julekrubbe. Den hadde ein sentral plass i advents- og juletida. Men i 2020 bestemte soknerådet seg for at dei tre kongane ikkje skulle stillast ut. Bakgrunnen for det var at den svarte kongen hadde rasistiske trekk og i lys av Black Lives Matter-rørsla, meinte dei at det blei heilt feil å bruke denne figuren. Dette førte til stor debatt om rase, religion og tradisjon. Og etter kvart politikk.

Halvor Moxnes tar utgangspunkt i denne krubba og går bakover. Han viser korleis legenda om vismennene vaks og blei til dei heilage tre kongane. Og kvifor blei den eine kongen framstilt som svart? Kva tid begynte folk å bli opptatt av rase? 
Moxnes viser gjennom historia om kongane korleis religiøse tradisjonar er ein del av politiske samanhengar. Kva gjer kyrkja med det i dag?

Det var ei interessant bok å lese. Vi får med oss utviklinga i kunsten (og flotte illustrasjonar) og korleis kyrkja, adel og kongar brukte kunsten til å påverke. 

For de av oss som ikke selv blir utsatt for rasisme, vil utstillingen om hverdagsrasisme utfordre til å se verden med deres øyne som blir rammet. Og da kan den svarte kongen i Ulmer Münster tjene som eksempel. Han er konge - men samtidig offer for fordommer og parodiering, en stereotyp sett med hvite øyne. Han går inn i vitnesbyrdene fra dem som blir utsatt for "de hvites privilegier" på globalt nivå, med utbytting og politisk marginalisering.

Forfattaren meiner at 6.januar, heilag trekongarsdag, bør bli ein dag mot rasisme. 

Eg tilrår!

---

Tittel: Svarte kong Baltasar. De hellige tre konger: rase, religion og politikk
Forfattar: Halvor Moxnes
Språk: Norsk, bokmål
Forlag: Dreyer
År: 2022