Haruki Murakami er ein forfattar eg set stor pris på. Det første møtet var "Kafka på stranden". Det var ei stor leseoppleving. Etter det har eg stadig søkt mot japansk litteratur. Det er noko med magien som er tiltrekkande.
Denne gongen er Murakami personleg. Yrke forfatter handlar om akkurat det. Å vere forfattar og korleis han blei det. Å våge å sleppe taket i fast jobb, sikker framtid og kaste seg utpå. Våge å vere redd. Våge å stole på skrivinga si.
Skriving er for han som langdistanseløp. Det trengs trening og tid før ein får flyt.
I dypet av vår sjel har vi en felles fortelling. Sånn omtrent forestiller jeg meg min hypotetiske leser
Murakami har omsett Dag Solstad til japansk og skriv om det i boka. Møtet med Noreg og Litteraturhuset er til å humre over.
Boka gav meg mange tankar om eiga skriving. Kapittel 8 handlar om skolen og MÅ lesast. Japan er ikkje Noreg, men mykje av det han skildrar, kjenner ein godt igjen. Kor blir fantasien av? Forskjellen på informasjon og lærdom.
Til Murakami å vere er det ei lita bok. Bare vel 200 sider.
Eg tilrår.
--
Tittel: Yrke forfatter
Forfattar: Haruki Murakami
Originalspråk: japansk
Omsett til: norsk, bokmål
Omsett av: Ika Kaminka
År: 2022
Forlag: Pax forlag
Leseutgåve: E-bok