Dei beste bøkene vi møtte i 2024 - sa damene

 Ein gong i året møtes ein flokk med damer for å svare på oppdraget:

  • Fortell om 1-2 bøker du har lese i 2024 og som sit igjen som den/dei beste. Bøkene kan vere hundre år gamle om du vil. Det er ikkje året dei kom ut, men året du las dei, som er viktig.
  • Ta gjerne med ei bok du vil sende vidare til andre lesarar òg. Det vil seie ei bok du ikkje treng å eige resten av livet.

Det er like spennande kvart år. Har vi lese dei same bøkene? Kjem det mange overraskingar? Det er stort å lytte til fortellingane. I år blei vi alle forundra over variasjonen i det vi hadde lese. Her var det romanar, sakprosa, bøker på engelsk og bøker på norsk. Og forfattarar frå heile verda. Her var det aktuelle politiske tema, historiske romanar, alderdom, utanforskap, SoMe, skjermkritikk. Vi er i Dublin, Molde, Sverige, Kurdistan, Etiopia, Storbritannia, Nord-Irland...…

Her kjem dei beste bøkene:

  • Husjomfru av E.Hoem: I eit godt språk får vi innblikk i kvinners kår på midten av 1850-talet. Interessant. Fleire rundt bordet nikka. Dette var ei bok dei òg hadde likt.
  • Tung tids tale av O.Nilsen: Det å ha eit autistisk barn og kampen om å få hjelp. Temaet er til tider heftig, men ho skriv til tider svært poetisk. Her var det mange som var einig.
  • Stadig fortsetter jeg og leve av T. Ørjasæter: Boka er lettlest og tung på innhald. Ei bok som lesaren hadde kjent i magen og bare visste at dette måtte bli julepresang til foreldra. Her var det om å vere gamal (Ørjasæter er 97 år), om andre forfattarar og undring over tekstane og livet. Tilhøyrarane vakna. Julegåvetips? Noko for søster? Mor? Meg sjølv?
  • Dødevaskeren av Sara Omar og Skyggedanseren av Sara Omar: Dette var sterke bøker og lærte meg mykje om kulturen i Midtausten, særleg i Kurdistan. Ære. Vanære. Makt. Kvinne. Mann. Desse bøkene hadde gjort sterkt inntrykk. Bøkene blei lagt fram midt på bordet og forsvann fort til nye lesarar.
  • Skyggekongen av Maaza Mengiste: Denne boka var ukjent for alle dei andre, men dette var spennande tema: Kvinnelege soldatar som er utelatt frå den afrikanske og europeiske historiefortellinga. Vi er i Etiopia i 1935. Haile Selassie. Kamp mot italienarane. Altså kvinner i motstandskamp.
  • Intermezzo av Sally Rooney: Vi er i Dublin. Språket er veldig godt. Intermezzo kan bety mykje meir enn det vi tenkjer på. Handlar om to brødre. Om kjærleik, alder, forhold sorg, einsemd. Denne forfattaren har skrive Normal People. Då vakna fleire. Dette var jo ein serie på TV! Ein god serie!
  • Museum for mordere og redningsmenn av Simon Stranger: Stranger har skrive fleire bøker om jødar i Noreg under andre verdskrigen. Det er truverdige historiar. Boka er veldig bra! Forfattaren er god til å skildre begge sider av historia.
  • Trespasses av Louise Kennedy: Vi er i Nord-Irland. Vi er får innblikk i konfliktar mellom katolikkar og protestantar. Og andre konfliktar. Setningane er korte, men det står mykje mellom setningane. Melankolsk stemning.
  • Overleverne av Alex Sculman: Det er den mellomste gutten i familien dom fortel historia. Det er ei kjenslevar og sterk fortelling om brødreforhold og om å gjenoppleve barndommen som vaksen.
  • Det jeg så av Yama Wolasmal. Journalisten Wolasmal rapporterer frå fleire område. Han lærte tidleg at viss ein person seier at det regnar og ein annan seier det er tørt så skal du ikkje rapportere kva begge seier, men sjå ut av vindauget og sjå kva som er sant. Han skriv det han ser. Og han skriv både strukturert og lett.
  • Gullkulen av Hanne Marie Svendsen: Ei slektskrønike. Det er historia om ei øy. Om overnaturlege krefter. Om maktmisbruk. Om vår bruk av jordkloden. Ei boka ho som la denne fram, hadde lese mange gonger og den gav noko nytt kvar gong.
  • Stjålet fokus av Johann Hari: Kvifor får eg ikkje til å lese meir enn i eit kvarter før eg må sjekke mobilen? Kvifor bruker eg så mykje tid på å surfe rundt? Kvifor les ungane dårlegare enn før? Kvifor? Hari reiser rundt i verda og intervjuer folk om digitalisering og kva som skjer med oss, frå hjerneforskaren sin synsvinkel, leseforskaren, utviklaren i Silicon Valley, seg sjølv osb. Lettlese (men litt dårleg omsetting til norsk) og til ettertanke.
  • Stargate av Ingvild H. Rishøi: Å, sa mange då den boka blei nemnd. Dette var juleboka. Vår norske julehistorie. Den moderne "Piken med svovelstikkene". Så godt skrive. Vart, samstundes enkelt. Alle, som hadde lese den i tidlegare år, tilrådde med stjerner i blikket.
  • Sauebondens liv av J. Rebands: Til store overrasking var dette ei bok som gjorde ho som la den fram, så glad. Det er frå Lake District. Her lever sauebonden og fortel om eit liv knytta til kulturen og landskapet. Boka er rett og slett fantastisk. Vi andre blei frista.
  • Song til mor av M. Olin: Ho fortel korleis ho laga filmen Fedrelandet. Dette er ein hyllest til mora. Og det var så lett å kjenne seg igjen. Boka minna om eigen barndom og forholdet til mor. Vâr og fin.
  • Mister Tourette og jeg av P. Sandstrak: Ho som hadde lese denne, tenkte mykje på elevar som ho hadde møtt gjennom mange år i skolen. Bok til ettertanke.
  • Landet som lovet alt av Sidsel Wold: Forfattaren fortel om utviklinga frå ho kom som heilfrelst Israelsven i i kibbutz til ho får eit meir kritisk bilete av landet og politikken. Denne boka hadde mange lese og var einig i at den hadde gjort inntrykk og var særs aktuell i dag.
  • Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo: Å vere frå Odda og å lese denne. Både lett og vanskeleg. Den handla jo om min oppvekst òg, sa ho som la fram denne. Fleire hadde lese boka og storkosa seg. Om oppvekst og om alderdom.
  • Skjerm barna av Maja Lunde: Forfattaren er kritisk til all skjermbruk som foreldre, barnehage og skole dyttar på barna. Ho er ein sterk stemme i den debatten som foregår no. Kva bruker barna tida på? Kva bruker vi vaksne tida på?
  • Keiseren av Portugalia av S. Lagerlöf: Kva skjer med deg når du verkeleg elskar barnet ditt og barnet blir ung og reiser sin veg? Kva skjer når det som hender i det verkelege livet er så vondt å tenke på at du må endre histora for å greie å leve med den? Lagerlöf skriv så fantastisk bra og sommaren 2025 vil Västanå teater i Sunne (Sverige) spele denne boka. Det er bare å glede seg!
Sjølvsagt var det nokre damer som ikkje kunne kome. Sjukdom, jobb og doble avtalar kan hindre både den eine og andre, men bøkene dei hadde tenkt å seie noko om måtte med i oversikta:
  • Kniven i ilden av I. Arvola
  • Løpe ulver av K. Ekman
  • Sjøfareren av E. Fatland
  • Moria av G, K. Merakerås
Kva dei meinte om bøkene..... det fekk vi ikkje vite.
Heilt til slutt måtte vertinna ta fram ei bok og gjerne heile forfattarskapet til Nobelprisvinnaren i litteratur: Han Kang. Problemet var at ho ikkje hadde lese ei bok av henne i 2024, men dette var ei påminning om å lese henne i 2025. Innlegg om fleire av bøkene kan du finne i denne bloggen. Søk på Han Kang. Det er bøker som treff i magen.

Dette var altså dei beste bøkene i 2024, sa damene. 
Leselista mi ble lengre etter denne kvelden...