Eg lyttar, men heng eg med?

 


I det siste har eg brukt appen Storytel og lytta til fleire bøker. Det er kjekt og det er litt trist. Kjekt å bli lest for. Kjekt å få med seg mange bøker. Men eg går glipp av så mange tankar. Det er så vidt hjernen min oppfattar at dette skulle eg grubla litt over før det er forbi. Eg bruker bokmerkeknappen, men eg er ikkje som Lucky Luke som trekker fortare enn sin eigen skugge. Når eg endeleg har fått markert bokmerket, er lesaren forbi.

Trøysta eg får er at eg må velge bøker som ikkje går så djupt at eg treng å stoppe opp, men kva skal eg med mengder av dei bøkene inn i øyrene? Og så finst dei bøkene eg verkeleg har lyst å lytte til, men der eg ikkje orkar stemmen til opplesaren. 

Her kjem nokre av dei eg har lytta på..

  • Septologien av Jon Fosse. Desse var det kjekt å lytt seg gjennom. Eg har lese bøkene, så denne gongen var det ettertanken som fekk sitt. Og stoff til vidare arbeid. Anderz Eide les godt. Eg har skrive om Septologien I-II og III-V, men ikkje om VI-VII. Eg tilrår!
  • Tollak til Ingeborg av Tore Renberg. Det er forfattaren sjøl som les. Og han les godt! Denne boka var mørk og sterk. Eg tilrår!
  • Verda er ein skandale av Agnes Ravatn. Heilt grei. Eg er ikkje heilt overtydd om eg har sansen for den forfattaren enno. Ho les godt og innhaldet er altså heilt greit. Men eg tar med meg knekkebrødoppskrifta til Einar Økland.
  • Morgon og kveld av Jon Fosse. Denne var bare for å lytte til Johannes sin dødsdag ein gong til. Og det kjem eg nok til å gjere fleire gonger for den teksten får så mange tankar i sving. Det er Jørgen Langhelle som les. Eg tilrår!
  • Jon Fosse - poet på Guds jord av Cecilie N. Seiness. Denne var interessant å lytte til. Eg fekk fleire bokmerke som krevde at eg lytta meg bakover. Lengta etter boka for å notere i. Eg tilrår.
  • Juleevangeliet/Kejsarens syn av Selma Lagerlöf. Sidan eg er opptatt av denne forfattaren for tida, kjem eg nok til å lytte til fleire frå hennar forfattarskap. Selma sviktar sjeldan. Lydboka er svensk. Biografien om Selma Lagerlöf lytta eg først på, men no sit eg med boka. Og er lukkeleg for det!
  • Jag skriver över ditt ansikte av Anna- Karin Palm. Ei mor dotter fortelling. Om å greie å frigjere seg frå henne. Våge å bli den ein ønsker, ikkje den mor vil. Denne likte eg godt. Svensk lydbok. Eg tilrår.
  • Jente, 1983 av Linn Ullmann. Dette var ei bok eg hadde bestemt for at eg skulle lese så då eg oppdaga den som lydbok var det bare å slå til. Den var på mange måtar ei vond bok. Kor mykje ansvar har ei ung jente, ein vaksen mann? Kva er frivillig? Kva er metoo? Kva gjer slike opplevingar med livet? Eg likte boka ogAndrea Bræin Hovig les godt. Og denne boka trengte eg ikkje som papirbok kjente eg. 
  • En lidenskap av Annie Ernaux. Den dagen ho fekk beskjed om at ho fekk Nobelprisen i litteratur, fann eg denne og gjekk meg ein tur. Ei lita bok. Ei god bok, men eg fortset med det forfattarskapet i papir. Då får eg undertonen med betre.
  • Tusen ulevde liv av Tomas Sjödin. Ein prest som skriv eit brev han klistrar til preikestolen før han forsvinn. Utan å seie noko til dei andre. Tja, det kunne vere interessant, tenkte eg. Og det var mange fine glimt i boka. Om einsemd, om lengsel etter andre, om meininga med livet, om venskap, om draumar.... Men språket er ikkje særleg godt. Litt for enkelt og stemma til emissæren låg bakom der ein stad. Heile tida. Han må grave djupare.
  • Italienska sko og Svenska gummistövlar av Henning Mankell. Eg har lese dei før. Eg har skrive om dei før. Og eg trengte dei akkurat no. Denne gretne Fredrik Welin på si eiga øy. Vegen han går mot menneska og alderdommen, er verd både bøkene og lyttinga.  Eg tilrår!
Eg kjem nok til å fortsette å lytte, men held nok eit fast tak i boka og langsam lesing lenge enno.

Kommentarer

  1. Veldig interessant innlegg. Jeg brukte flere år på å venne meg til bruk av lydbok og fikk endelig dreisen på det. Men nå opplever jeg at bøkene ikke sitter så lenge i når jeg blir lest for. Jeg er ikke flink til å notere(noe jeg gjør mye ved papir-og ebøker) og bruker ikke bokmerkeknapp, vet heller ikke om det er det på biblioteks-appene. Ofte gjør en jo andre ting mens en lytter, går tur eller husarbeid. Men som deg har jeg funnet ut at lettleste bøker,bøker jeg har lest,eller krim fungerer på lyd,ellers holder jeg meg til papirboken særlig-det er det aller beste for leseopplevelsen. For jeg vil jo helst at leseopplevelsen skal sitte i lengst mulig.
    Ha en fin søndag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Då er vi to! Du har eit poeng i at vi ofte gjer to ting mens vi lyttar. Når eg les sit eg gjerne stille med ein blyant i nærleike, Eit heilt anna fokus.

      Slett
  2. Eg lytter til bok kvar dag, og elsker det. Det tok lang tid før eg aksepterte lydbok, men eg er selektiv med kva eg lytter til. I alle fall innimellom. Det eg liker er at om det er keisame partier så lytter eg meg gjennom. Hadde eg hatt boka hadde den nok blitt lagt vekk og blitt liggande vekke ei god stund.

    Eg liker tankene dine, og kjem til å ta dei med meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår godt det med å lytte til ei bok som er vanskeleg å lese, men eg slit med at ho ikkje blir med meg vidare i livet. Ho heng liksom ikkje fast i tanken min etter lytting. Det frustrerer meg.

      Slett
    2. Mine henger som regel fast, men så har eg heller aldri vore den som noterer tanker underveis.

      Slett
  3. Jeg har det likedan. Må ha relativt lette bøker med bra driv, som regel , hvis jeg skal høre lydbok. Gjør det ikke så ofte. Noen ganger supplerer jeg en papirbok med lydboka eller vise versa (kombo). Lydbok er greit å høre på når jeg vasker, spiser etc. Noen bøker funker bra som lydbok, andre ikke. Enig ang det med undertone (undertekst) som kan forsvinne litt med en lydbok..

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje fungerer lydbok best for dei som liker krim og lette bøker. Eg har enda opp med å kjøpe bøker eg har lytta til for eg må bare sjå teksten. Sette strek eller markere på anna vis. Det må eg sjeldan med krim.

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om