Oj. Dette var sterkt! Eg har den siste veka lytta til boka "Leksikon om lys og mørke" av Simon Stranger og det har vore ei sterk oppleving. Eg har møtt lyset. Og mørkret.
Har du sett snublesteinane? I Noreg er det 757 snublesteinar akkurat no. Talet er aukande. I Rogaland er det 17. 14 av desse i Stavanger, ein snublestein i Surevåg og fire i Haugesund. Vil du vite meir, sjekk nettsida snublesteiner
Det er ein slik stein i Trondheim som er starten på romanen. Steinen til minne om oldefaren til Stranger sine barn. Hirsch Komissar
Forfattaren Simon Stranger oppdagar at familien til kona har budd i huset som Rinnan brukte som "Bandeklosteret" under krigen. Her blei det planlagt, festa og torturert. Etter krigen var huset i Jonsvannsveien 46 i Trondheim ledig. Der flytta altså Ellen og Gerson Komissar inn like etter krigen.
Romanen startar kvart kapittel med ein bokstav i alfabetet. Det byrjar med A. A for anklagen. A for avhøret. A for arrestasjonen. Og slutter med kapittel Å. Å for årene som blodet ditt pumpes gjennom. Å for året 1945.
B for barndom, dette landet som hver og en av oss kommer fra, uvitende om hvordan ansamlingen av hendelser og følelser fra de første årene skal synke sammen som sedimenter på havbunnen og lagre seg dypt inni oss, danne landskap og væremåter som preger oss for resten av livet
Mykje av boka kretsar rundt Henry Rinnan. Kva var det som fekk han til å bli ein av dei mest forhatte menn i historia vår? Kven var han? Og kvifor flyttar ein jødisk familie inn i dette forhatte huset? Undervegs blir vi konfrontert med det mørkaste i mennesket, men òg dei positive kreftene, livsviljen i oss. Eg tar meg stadig å tenke: Kven hadde eg vore om eg hadde levd då? Hadde eg gått kjappast muleg inn i kvardagslivet? Hadde eg våga å satse alt på motstand? Vitande at eg kunne bli utsett for tortur? Kor mykje hadde eg greidd å halde ut? Hadde eg blitt lurt av sjarmøren Rinnan som mange trudde var ein motstandsmann? Trudd på han og sett andre i fare?
..har vi mennesker allerede forsvart handlingene for oss selv før vi utfører dem. Det er derfor handlingen i det hele tatt settes ut i livet, ....
Dette er ein roman. Ein roman som fortel om menneske som har levd og menneske som lever i dag. Vi kjem inn i tankane til Rinnan. Vi får dei siste samtalane til Hirsch Komissar før han blir sonoffer på Falstad. Altså tankar og samtalar vi ikkje kjenner, men som forfattaren gir dei historiske personane. Og gjer det til ein roman. Det er eit sterkt grep som tar tak i oss.
Romanen er sterk. Innimellom har eg stengt av lyttinga. Det har vore lettare å lese akkurat dei verste sidene på papir. Då kan eg sjå på sida og lese fort. Når eg lyttar, blir det så vondt. Orda lagar mørke bilete det er vondt å bli kvitt.
Eg verkeleg tilrår boka. Den får oss til å kjenne på det mørkaste som vi menneske har i oss. Og lyset.
Boka vann Bokhandlerprisen 2018
----
Ei anna veldig god bok av same forfattar: 304 dager
____
Forfattar: Simon Stranger
Språk: Bokmål
Lese av: Kai Remlov
Forlag: Aschehoug
Sidetal: Ca 390
Årstal: 2018