Kvelande kjærleik

Kva er det med Elena Ferrante?

Eg starta med Napolikvartetten. Dei blei lese i ein periode då eg ikkje blogga om bøker. Bøkene fenga meg sterkt. Sjølv om oppvekst i Napoli ikkje er den same som i ei bygd i Noreg, så er det slektskap i barndom og oppvekst. Det å finne seg sjølv, våge å gå ut av forventa rollar og ikkje vere trygg i dei nye rollane ein går inn i. Alltid utanfor.

"Kvelande kjærleik" er debutboka til Ferrante. Den kom ut i 1992. Ho blei omsett til bokmål i 1994 med tittelen "Hjemreise". Og no i 2018 i omsetjing av Kristin Sørsdal.
Boka startar slik:
Mor mi drukna natt til 23.mai, på fødselsdagen min, i havet rett utanfor ein stad dei kallar Spaccavento, nokre få kilometer frå Minturno.

Ho blir funnen i strandkanten bare iført ein eksklusiv bh. Dette er så ulikt den mora som sparte, reparerte og sydde om alle kler. Delia og søstrene deltek i gravferda. Faren, som mora har vore separert frå i 20 år, kjem ikkje. Systrene dreg tilbake til sine liv. Delia vel å bli igjen for å rydde opp i buet og finne ut meir om mora. Dei siste telefonane før ho døyr er grunn nok til å undre seg. Hadde mora ein elskar? Var ho ved sjøen frivillig? Kvifor denne påkledninga?
Delia dreg til leilegheita til mora og frå då av går alt i eit forrykande tempo. Kven er Amalia (mora)? Kven er eigentleg Delia? Og kva skjedde den gongen i barndommen då faren begynte å slå mora?
Vi hamnar inn i bakgatene i Napoli. I minnene. I språket. Eit språk som blir definert som vulgært. Det som går igjen i alle bøkene, er når kvinnene kjem seg bort frå Napoli, går dei over til å snakke finare italiensk. Vil ein noko anna med livet enn å gjenta foreldra, må ein vekk frå gatene ein er vaksen opp i. Og vekk frå det lokale språket. Delia bur i Roma. Kvinnene opplever å få vulgære ord slengt etter seg. Vegen til vold mellom mann og kvinne er kort. Den delen av Napoli blir skildra som ganske farleg å vere ungjente/ kvinne i.
Det er skildring av dei kvinnene som har kome seg vidare ved å pynte på fasaden og språket, men der ikkje det indre menneske har kome seg vidare.

Delia er den av søstrene som har kontakt med mora. Kontakten er ikkje enkel. Men kven var denne sosiale, sjarmerande og forførande kvinna? Det er mykje vald i heimen. Faren slår kvar gong han mistenkjer at mora har smilt til eller sett på ein mann. Samstundes målar han halvnakne sigøynerkvinner som han sel til menn.

Delia er i førtiåra. Ho har ikkje barn og det er usikkert om ho i det heile har hatt eit kjærleiksforhold. Seksualiteten er i alle fall innvikla for henne. Ho er ei slank kvinne. Kanskje ei kontrollert kvinne. I boka kjem det fram at ho liknar på mora, men det er faren ho har yrke som liknar.
Ho kjenner seg skuldig i valden mot mora, men kvifor skulle ho kjenne skuld? Kva skjedde eigentleg då ho var 5 år?
Delia søkte heile barndommen etter mora sin kjærleik. Har ho laga seg eit bilete av mora som ikkje stemmer? Mora kjem på besøk til henne i Roma. Ho vaskar, rydder og endrar i heimen til Delia. Ho er sosial og blir kjent med alle dei menneska Delia omtrent ikkje oppdagar rundt seg. Det ender alltid med at dei går kvarandre på nervene. Då dreg mora og Delia kan flytte alt tilbake på den plassen ho vil ha det.

Eg hugsar alt eller nesten alt. Eg manglar bare orda frå den gongen. men skrekken ber eg med meg, og kvar gong nokon i denne byen opnar munnen, kjenner eg den.
Eg har tenkt på kva det er som gjer at denne boka engasjerer meir, kjem meir under huden på meg, enn mange av dei oppskrytte norske. No aller sist "En moderne familie". Ferrante må treffe meir grunntonen. Det vi kjenner og har felles bak orda. Ho skrapar ikkje på overflata. Det er ting her som eg ikkje forstår, men som treff noko likevel. Noko som blir verande i tanke og mage ei stund.

--
Forfattar: Elena Ferrante
Tittel: Kvelande kjærleik
Forlag: Samlaget
År: 2018
Ebok.

Kommentarer

  1. Godt skrevet! Denne har jeg stående i bokhyllen, og nå fikk jeg lyst til å lese den med én gang :)

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Denne boka fengde meg. Ho treff eit eller anna i magen. er spent på reaksjonen di når du har lese den.

    SvarSlett
  3. Jeg leste Svikne dagar, og den var utrolig bra! Så jeg ser frem til å lese denne :)

    SvarSlett
  4. Eg har lese alle bøkene til Elene Ferrante, utgjeve i Noreg. Er så enig med deg i at det er noko som grip ein i det ho skriv. Menneskekunnskap har ho, og det kjem så godt fram i alle bøkene hennar. Ein fltt forfattar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er så einig. Har akkueat begynt på Svikne dagar

      Slett
    2. Eg er så einig. Har akkurat begynt på Svikne dagar

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om