torsdag 24. januar 2019

Frk Oliphant har det absolutt ikkje heilt fint

Verdenssensasjon! Internasjonal bestselger.
Eg er i utgangspunktet svært skeptisk når bøker har slike framsider. Det hjelper heller ikkje at det er Jojo Moyes som uttalar seg. Altså all grunn til å oversjå boka. Men så har det seg slik at det er ei veninne som lurte på om eg ville lese den.  Eg lukka augo for verdenssensasjonar og Moyes og sette i gang.

Aller først: Den rare, pedantiske og vodkadrikkande Eleanor blei eg fort glad i. Ho syns ho både kommuniserer korrekt og oppfører seg korrekt, men blir sett rart på. Det er så mange små koder ho ikkje forstår. Ho har jobb, stad å bu, rytme i livet. Ho held fast på at ho har det heilt fint. Så mykje kan rakne om ikkje dette er mantraet. Men einsemda kjem stadig krypande. Ho er aleine i verda. Har levd deler av livet i fosterheimar. Dei einaste som kjem på besøk er frå sosialkontoret. Ho oppfører seg perfekt, men ingen er nær henne.

Så dukkar Raymond frå IT-avdelinga opp. Ikkje er han pen, ikkje velkledd og så røykjer han. Absolutt ikkje ein mann etter Eleanor sin smak. Men ho har fått ein kompis. Ein som forventar noko av henne og som dreg henne ut i verda og i møte med andre. Ho oppdagar venleiken og omsorga som finst mellom menneska.
Det hadde vært litt av en dag. Jeg følte meg gåen, men samtidig hadde noe utkrystallisert seg i hjernen min. Disse nye menneskene, disse nye eventyrene... denne kontakten. Det var fullstendig overveldende, men til min overraskelse slett ikke ubehagelig. Jeg hadde taklet det forbausende bra, tenkte jeg. Jeg hadde møtt nye mennesker og presentert meg for dem, og vi hadde tilbrakt problemfri tid i hverandres selskap.
 Eleanor kan ingenting om småsnakk og fornærmar folk utan at ho forstår kvifor. Ho seier det jo bare slik det er.
"Kan jeg spandere noe å drikke?" brølte mannen, for å overdøve neste sang. (--) "Nei takk," sa jeg. "Jeg vil ikke ta i mot noen drink fra deg, for da blir jeg forpliktet til å kjøpe en til deg til gjengjeld, og jeg er redd jeg rett og slett ikke er interessert i å tilbringe tiden det tar å drikke to drinker i ditt selskap."
Vi forstår tidleg at Eleanor har ein barndom ho prøver å fortrenge. Eller har fortrengt. Gradvis får vi vite meir og blir bare meir glad i denne kvinna på 31 år.

Så kva blir konklusjonen? Eg ser ikkje verdssensasjonen, men forfattaren har skrive godt om ei kvinne som mot alle odds greier seg. Til tider veldig godt. Eleanor var eit løvetannbarn som utvikla seg til ei einsam og kjempande kvinne. Det er lett å forstå at ho tyr til vodka når helga kjem og det blir god tid til å tenkje.

Av og til elskar eg tjukke bøker. Men for det meste syns eg dei er fulle av overflødige setningar. Setningar eg ikkje treng for å forstå historia. Denne er for lang. Eg hadde forstått lenge før, så den overraskande slutten, klimakset, blei bare eit lite bølgeskvulp.

---
Tittel: Eleanor Oliphant har det helt fint
Forfattar: Gail Honeyman (Storbritannia)
Forlag: Aschehoug
Omsett av: Cecile Winger
Årstal original/norsk: 2017/2018
Sidetal: ca 400



4 kommentarer:

aariho sa...

Jeg har boka liggende ventehylla, og rekner med å ta den fram snart. Gleder meg etter din omtale. Litt av hvert å lese om her, skjønner jeg.

Aud Venke sa...

Så kjekt. Er spent på korleis du vil oppleve boka.

RandiA sa...

Ser du også liker denne ja - godt å lese slike bøker innimellom. Og Eleanor er en nokså særegen karakter som man husker en stund.

Tine sa...

Hei!
Denne boken likte jeg godt også, kjekt at du syntes den var bra. Riktig god helg fra Bergen :)