Jeg svikter deg aldri, sa Peter May, men....

.... eg har begynt å lure. Peter May, krimforfattaren som har fått meg til å fryse, kjenne meg sjøsjuk, bli våt til skinnet og blitt forelska i Hebridane. Mannen som lot meg bli med Enzo til franske vingårdar og vinmeldarar, restaurantar med Michelin-stjerne og sjalusi, kjenne høg puls i katakombene under Paris og mykje meir. Denne mannen gjev altså ut boka "Jeg svikter deg aldri".

Men eg kjente meg svikta. Skreiv han denne fordi han lengta tilbake til Hebridane og ville ha oss med på ein tur i det ville landskapet? Skreiv han denne for å sjekke om han hadde kritiske vener i forlagsbransjen? Og kvifor blei denne omsett til norsk? Eg veit om fleire som burde vore før i køa.

Så, eg er altså skuffa. Dette er ein roman om dei vêrharde øyene vest for Skottland.  Dette er ei kjærleikshistorie. Ei ganske ok kjærleikshistorie. Men det skulle vore ein krim. Det er bare det at plottet ikkje er truverdig. Peter May kan mykje betre enn dette.

Heldigvis oppdaga eg at boka kom ut i 2018, så han svikta ikkje heilt. Etter det har han jo gitt meg ein ekstra tur med Enzo (2021). Det var noko anna det.

Her er andre bøker av Peter May som eg har blogga om:

----

Tittel: Jeg svikter deg aldri 
Forfattar: Peter May
Forlag: Goliat
År: 2020 



Kommentarer

  1. Ja, enig med deg i at plottet her ikke er spesielt troverdig. Syns også at andre bøker av ham er bedre

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om