Som pesten - makt, storkapital, svik og spenning

 

Helseminister Bent Høie las "Som pesten" i sommar. Og blei både skremt og hekta. Det var så kjent det som stod i boka og det som skjedde i det verkelege livet at han måtte tenke seg om nokre gonger då han kom tilbake på jobb. Er det verkeleg, eller er det henta frå boka?

Hanne-Vibeke Holst , dansk forfattar, har brukt fleire år på å lese, intevjue og setje seg grundig inn i stoffet. Tittelen viser til Albert Camus si bok "Pesten". Den handlar om ein by som blir ramma av pest og kva som skjer med menneska der. Les gjerne blogginnlegget mitt om den boka.

Eg hadde hørt om "Som pesten" av nokre vener som meinte at eg burde lese den. Det var alt i 2018. Men eg hadde så mykje anna å henge fingrane i at det ikkje blei noko av. I 2021 sit eg og grublar over kor opp i dagen pandemien vår var mange år før den slo oss i bakken. Denne boka kom ut på danske i 2017 og på norsk i 2018. Og den handlar altså om ein pandemi.

Hovudpersonen er den danske legen Karoline Branner. Ho har nettopp kome til Geneve og starta i jobben som koordinator i WHO (Verdas helseorganisasjon) sin avdeling for pandemiforkjemping. Det kjem signal om ein dødeleg influensaepidemi i Danmark. Smittesporinga fører tilbake til ein danske som har jobba i eit land der Russland har meir eller mindre kontroll. Dette gjer det til storpolitikk og vanskar med å finne korleis pandemien starta. Denne influensaepidemien rammar barn og unge. Mange døyr i Danmark. Samstundes er dette i den tida då flyktningar er på vandring gjennom Europa. Skal ein hjelpe alle? Skal ein bruke den medisinen ein har på sine eigne og la dei andre døy? Er det folkegrupper som toler influensaen dårlegare enn andre?

Karoline med idealismen, forskarblikket og bakgrunn frå "Leger utan grenser" blir skremt av det ho ser og finn ut. Ho skjønar ikkje kvifor ikkje WHO slår på stortromma og varslar om at det er ein pandemi på veg. Kvifor har ikkje Big Pharma starta vaksineproduksjon? Kvifor er det møte på møte utan handling? Kvifor bryr ingen seg om det som skjer i Danmark? Det vil jo spre seg. I iveren sin trør ho på menn som har tenkt seg posisjonar, rikdom og som har makt. Dette er ikkje ei uskuldig verd der alle arbeider med høge etiske mål.  Det er politikk og økonomiske interesser som styrer i bakromma. 

Heime har ho mann og son. Ein mann som har levd eit liv med løgner og gjeld. Dette er tilbakebetalt til kreditorane, men han skuldar både kona og svigerfaren pengar. Så viser det seg at han har litt meir svart gjeld. Hugo, sonen, får seg ein italiensk leikekamerat på skolen. Denne italienske familien har pengar. Mange pengar. Ei verd Jasper, Hugo sin far, gjerne vil leve i. Ekteskapet mellom Karoline og Jasper hanglar. Men Karoline vil så gjerne at det skal fungere og overser varsellampane som innimellom kjem til overflaten.

Boka utviklar seg til eit drama der politisk spel, bevisst forsinking av vaksineproduksjon for å tene pengar, utpressing, venskap, kjærleik og svik.

Holst teiknar eit stort bilete med fleire parallelle historiar. Det er ein spenning så det held. Etter planen skulle (eller skal?) boka bli tv-serie. Forfattaren skreiv boka med det i bakhovudet.  

Det nifsaste med boka er at ho er skriven før 2017 og at verda reagerte akkurat like treigt som det Karoline Branner er fortvila over. Influensavirus i Asia, det er langt borte og angår ikkje oss. Ekspertane har åtvara i fleire år, men det er mest økonomisk å effektivisere/omstille helsevesenet. Og økonomi er den viktigaste eksperten. I boka var Danmark langt borte frå dei viktigaste landa. Det som skjer der er eit dansk problem. Og kva opplever vi no? Jo, stadige meldingar om at vaksinen er forsinka og at vaksinen blir kjøpt opp av rike land. Kvifor begynte i produksjonen i 2019 då ein kjente til epidemien?

Denne gongen har eg brukt boka til følgesven på lufteturar og bilturar så det er Bodil Vidnes-Kopperud som har vore på tur med meg. Til tider var det så spennande at eg angra på at eg ikkje haddde papirboka slik at det kunne gå fortare. Men det meste av tida var det kjekt å bli lest for. Spaserturane blei ekstra lange for eg måtte bare høyre litt til. Og trafikk, venting på ferjer og liknande irriterte ikkje meg. Eg hadde spenning i bilen.

Ei bok som vil henge med meg. Eg tilrår.

---

Tittel: Som pesten

Forfattar: Hanne-Vibeke Holst

Utgitt: 2018 (2017 i Danmark)

Forlag: Gyldendal (lydbok: Lydbokforlaget)

Opplesar: Bodil Vidnes-Kopperud

Kommentarer

  1. Hei. Denne kjøpte jeg i vår etter ha lest Pesten av Camus, som jeg synes var utrolig bra. Har ikke lest den enda, så takk for god påminnelse. :)

    SvarSlett
  2. Tenk å skrive en roman som plutselig blir så aktuell :) Jeg har også hørt Bodil Vidnes-Kopperud sin innlesning, og jeg liker både roman og innleser.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skremmer litt kor lite dei med makt til å førebu oss hadde fulgt med i timen. Dei har jo oppført seg akkurat slik som forfattaren såg for seg. Bodil Vidnes-Kopperud gav lyst til å lytte meir på stemmen hennar.

      Slett
  3. Lagt til i lyttelista! Denne høres skremmende aktuell ut ja.

    SvarSlett
  4. Ja, den er skremmande aktuell. Vidnes-Kopperud les godt så det var driv i fortellinga.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om